Falsk lykke
Rusmiddel påverkar den delen av hjernen vi kallar påskjønningssenteret. Rusmiddel kan raskt gi oss ei kjensle av å vere avslappa, glad eller lykkeleg. Ulike rusmiddel har ulik effekt på oss, og håpet om ein pause frå kvardagen, eller ønske om å kjenne likesæle, kan gjere rusmiddel freistande. Kan ein finne lykke i botnen av ei flaske, i enden av ein joint eller gøymt i kvitt pulver? Sjølvsagt ikkje! I denne teksten skal vi sjå nærare på kvifor.
Mange blir avhengige
Viss ein bruker rusmiddel ofte, kan ein utvikle toleranse. Det betyr at ein må ha meir av stoffet for å oppnå den same verknaden. Ein kan også slutte å gle seg over ting ein likte å gjere før, og føle at ein treng rusmiddel for å ha det bra. Då er vegen til avhengnad veldig kort.
Kokain
Kokain er eit ulovleg rusmiddel, og det er sagt at det får oss til å kjenne oss uovervinnelege. Men er det sant? Brukar vi kokain ofte, vil hjernen slutte å produsere påskjønningsstoff. Viss ein sluttar, kan produksjonen komme i gang igjen, men mange får varige depresjonar. Dei kjenner seg nedstemte heile tida, utviklar angst, blir mistruiske og opplever uro og søvnløyse. Ein kan trygt seie at kokain ikkje gjer oss særleg lykkelege!
Ekte lykke
Det kan vere freistande å prøve å kjøpe lykke, men ingen kan kjøpe lykke på flaske eller blanda i eit narkotisk stoff. Ingen blir lykkelege av skadar, straff, overdosar og depresjonar. Det er betre å le godt, vere saman med nokon du er glad i, gle ein annan, springe ein tur eller høyre på favorittlåta di – det er EKTE kvardagslykke!
Kjelder:
- Rusinfo.no (20.02.2024): Hvordan påvirker rusmidler kroppen og hjernen?
https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvordan-pavirker-rusmidler-kroppen-og-hjernen/
- Rusinfo.no (20.02.2024): Virkninger og bivirkninger av kokain
https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-kokain/virkninger-bivirkninger-kokain/
- Aftenposten (21.02.2023): Det du ikke vil vite om kokain
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/rlmwjK/det-du-ikke-vil-vite-om-kokain
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-