Falsk lykke
Rusmiddel påverkar det området i hjernen som vi kallar påskjønningsenteret. Ulike rusmiddel kan derfor gi ei uvilkårleg kjensle av å vere avslappa, glad eller lykkeleg. Kva effekt det har, avheng av rusmiddelet. Nettopp dette – eit håp om eit lykkevindauge, ein pause frå alt slit og strev, eller eit ønske om å kjenne likesæle – kan vere forlokkande for enkelte unge som er nysgjerrige på rusmiddel. Men finst verkeleg lykka i botnen av ei flaske, i enden av ein joint eller gøymt i kvitt pulver? Sjølvsagt ikkje! I denne teksten skal vi sjå nærare på kvifor.
Toleranse og avhengnad
Dersom ein bruker rusmiddel ofte, kan ein utvikle toleranse, ein toler altså meir og meir. Korleis dette utartar seg, vil avhenge av typen rusmiddel. Verknaden av stoffet kan til dømes bli mindre, slik at ein må ta større dosar. Ting som vanlegvis gjer deg glad, kan miste denne effekten, slik at du føler at du treng rusmiddel for å ha det bra. Då er vegen til avhengnad veldig kort.
Kokain
Langtidseffekten av kokain, eit ulovleg rusmiddel som nokon knyter til å kjenne seg som konge på haugen, kan gjere akkurat det motsette med deg. Regelmessig bruk av kokain kan bidra til at hjernen produser mindre naturlege stoff som gir ei kjensle av påskjønning. Viss ein sluttar, vil produksjonen mest sannsynleg kunne takast opp att etter kvart, men mange får varige depresjonar. Dei kjenner seg nedstemte heile tida, utviklar angst og blir mistruiske eller opplever uro og søvnløyse. Det er ikkje mykje lykke å spore i kokain, med andre ord.
Ekte lykke
Det kan vere freistande å tenkje seg at lykke kan kjøpast, men vi veit jo eigentleg at dette ikkje stemmer. Det stemmer verkeleg ikkje, om ein trur ein kan kjøpe lykke på flaske eller blanda i eit narkotisk stoff. Verken skadar, straff, overdosar eller depresjonar er noko vi knyter til lykkekjensle. Le heller godt, vêr saman med nokon du er glad i, gle ein annan, spring ein tur eller set på favorittlåta di – der finn du EKTE kvardagslykke!
Kjelder:
- Rusinfo.no (20.02.2024): Hvordan påvirker rusmidler kroppen og hjernen?
https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvordan-pavirker-rusmidler-kroppen-og-hjernen/
- Rusinfo.no (20.02.2024): Virkninger og bivirkninger av kokain
https://rusinfo.no/fakta-om-rusmidler/fakta-om-kokain/virkninger-bivirkninger-kokain/
- Aftenposten (21.02.2023): Det du ikke vil vite om kokain
https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/rlmwjK/det-du-ikke-vil-vite-om-kokain
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-