Fest og feiringar året rundt!

Vi menneske har behov for å markere høgtider og arrangere fest for å feire dei mange fasane i livet. Over heile verda blir feira og festa, og det er heilt ulike tradisjonar i dei ulike landa. Det er store forskjellar berre her i Norden. Kvar månad har sine markeringar og feiringar ein eller annan stad i verda. Lat oss bli litt kjende med noko av det som skjer i januar, februar og mars.

📷  Nyttårsrakettar over den forbodne by i Kina.
Nyttårsaften med fyrverkeri over den forbudte by i Kina.
Nyttårsaften med fyrverkeri over den forbudte by i Kina.
Januar med hvit skrift på sort bakgrunn.
Januar med hvit skrift på sort bakgrunn.

Kinesisk nyttår

Nyttårsfeiringa er den viktigaste festen til kinesarane. Kinesisk nyttår startar ved andre nymåne etter vintersolsnu. Det skjer ca mellom 21. januar og 20. februar. Lenge etter vår eiga nyttårsfeiring. Feiringa varer i ca to veker frå nymåne til fullmåne. Då har skulane fri.

Eige dyreteikn

Kvart kinesisk år sitt eige dyreteikn. Før nyttårsfeiringa er butikkane fulle av varer med dette dyreteiknet på. Dyreteiknet for 2023 er haren. Dyreteiknet som gjeld det året ein blir fødd, beskriv eigenskapane til personen.

📷  I 2022 var det tigerens år.

Stor familiefest

Den kinesiske nyttårsfeiringa er ein stor familiefest. Mange reiser langt for å møte familien. Det er vanleg å ete dumplings. Det er klistrete riskaker. Talet 8 betyr lykke. Derfor inneheld nyttårsmiddagen ofte åtte rettar. Barna får pengar i raude konvoluttar for lykke. I gatene er det lange paradar med musikk og figurar av alle slag.

Lunar New Year

Kinesisk nyttår er ein del av Lunar New Year. Det er ei stor feiring av nyttår i mange asiatiske land som Japan, Vietnam og Sør-Korea.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon i tigerens år i Kina i gull på rød bakgrunn.
Illustrasjon i tigerens år i Kina i gull på rød bakgrunn.

Nyttårsrakettar

Så er det tid for nyttårsrakettane. Dei lagar masse lyd og er utruleg flotte å sjå på. Fram mot midnatt blir det avfyrt meir rakettar i Kina enn nokon annan stad i verda. Denne kvelden skal vonde ånder blir skremde bort og det nye året bli feira.

Lanternefestivalen i Taiwan

Den femtande dagen i den første månaden i månekalenderen blir lanternefestivalen feira i Taiwan. Fleire asiatiske land brukar månekalender. I ein månekalender er kvar månad 29 ½ dagar, noko som gir 354 dagar i eit år. I Europa blir brukt solkalender som har 365 dagar.

Gammal tradisjon

Lanternefestivalen er ein svært gammal tradisjon. Han vart populær igjen på 1990-talet. Med fyrverkeri skulle ein skremme bort vondskap og sjukdom. Lanternene skulle vise at landsbyen var trygg. På lanternene skriv folk private ønske.

Lanternene flyg

Det er eit magisk syn når tusenvis av lanterner flyg opp i lufta. Men heilt ufarleg er det ikkje. Lanternene er laga av papir. Brannvesenet står klare til å sløkkje eventuelle brannar som oppstår.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Februar i hvit skrift på sort bakgrunn.
Februar i hvit skrift på sort bakgrunn.

Valentinsdagen

Kvart år den 14. februar blir  Valentinsdagen feira. Då feirar ein kjærleik og romantikk med kort og gåver. Ein gir til kjærasten eller den ein er forelska i. Kanskje til og med hemmeleg forelska.

Blir feira i mange land

Valentinsdagen blir feira i mange land. Han er aller mest populær i engelsktalande land. Ein kan òg vise venner at ein er glad i dei. Sjokolade eller roser er dei mest vanlege gåvene ein kan gi.

Populær bryllaupsdag

På Filippinane er 14. februar den mest populære datoen å gifte seg på.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann står foran en sittende kvinne og han holder røde roser bak på ryggen.
Mann står foran en sittende kvinne og han holder røde roser bak på ryggen.

Dragobete

Dragobete er den rumenske kjærleiksdagen. Det er ei feiring av at våren kjem. Dagen blir feira 24. februar. Ifølgje tradisjonen møtest jenter og gutar for å leite etter vårblomstrar.

Midt på dagen spring jentene gjennom landsbyen. Gutar som har forelska seg, spring etter. Den raskaste guten vinn. Men jenta kan velje å kysse han eller ikkje framfor alle dei andre. Myten fortel at deltakarar i Dragobete skal vere verna mot sjukdom resten av året.

Twitter-faksimile av merkedagen dragobete

Mardi Gras

Mardi Gras er fransk og betyr feitetysdag. Det er dagen før oskeonsdag. Det feirar starten på 40 dagars faste fram mot påske. På feitetysdag skal ein feite seg opp før ein går inn i fastetida. Fasta skal etter tradisjonen vere utan kjøtt og feit mat. Feiringa er ulik i ulike land. Ofte blir det feiring med opptog med folk som kler seg ut og brukar fargerike masker.

Karneval

I Noreg blir feitetysdag òg kalla fastelavn. Altså kvelden før fasta. Det blir mange stader feira med fastelavnsbollar og karneval, og det er som regel på søndagen før. New Orleans i USA er berømt for si Mardi Gras-feiring. Ho startar allereie 12 dagar etter jul. Der blir gatene fylte med fargerike paradar og karneval dag og natt. Ikkje rart mange turistar vil besøkje byen i denne perioden. Rio de Janeiro i Brasil feirar òg Mardi Gras med stor karnevalsfeiring.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fargerike masker til karneval.
Fargerike masker til karneval.

Kalevaladagen

Kalevaladagen i Finland blir feira 28. februar. Dagen blir feira for å vise at finsk språk og kultur er viktig. Namnet kjem av Finlands nasjonale dikt Kalevala. Det er eit dikt om heltar med 50 vers. Dei er skrivne på ein tradisjonell finsk måte. Tekstane var opphavleg munnlege forteljingar. På 1800-talet samla og skreiv Elias Lönnrot forteljingane ned.

Kalevala har spelt ei viktig rolle for finsk identitet, språk og kultur. Ikkje minst etter at Finland vart ein sjølvstendig nasjon i 1917. Dagen blir markert med fest og god mat.

📷  Måleri av Elias Lönnrot. Kunstnar: Bernhard Reinhold.  
Maleri av Elias Lönnrot.

Hinamatsuri

I Japan blir den store jentedagen feira 3. mars. Då feirar dei helsa og lykka til jenter. Det viktigaste i feiringa er Hina-dokker som japanske jenter får av foreldre eller besteforeldre når dei blir fødde.

Kledd i tradisjonelle klesdrakter

Dokkene blir gjerne sette i ei trapp. Trappa blir dekt ofte med eit raudt teppe for lykke. Dei øvste dokkene førestiller keisaren og keiserinna. På trinna under er det hoffdamer, musikarar, krigarar og andre personar. Alle dokkene er kledde i tradisjonelle drakter frå Heian-tida (frå 794 til 1185 e.Kr).

Dokkene må bli pakka ned i tide

Dokkene kan vere framme frå slutten av februar til 3. mars. Det blir sagt at det kan bli vanskeleg å gifte bort jentene om dokkene blir pakka ned seinare. Nokre  stader blir sdet sendt dokker nedover ei elv. Tanken er at dokkene skal ta med seg sjukdom og vonde ånder nedover elva.

Pyntar med ferskenblomstrar

På Hinamatsuri pyntar ein med ferskenblomstrar. Det blir sett fram fargerike riskaker og farga puffa ris. Rosa, kvitt og grønt er dei vanlegaste fargane i feiringa.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Japansk jente dekorerer rommet sitt med hinadukker.
Japansk jente dekorerer rommet sitt med hinadukker.

Holi

Holi blir feira 8. mars og er vårfesten til hinduane. Festivalen blir òg kalla  fargefesten og kjærleiksfesten. Feiringa startar kvelden før rundt eit bål. Religiøse seremoniar blir utførte for å jage bort demonar eller vondskap.

Leikar med fargar

Neste dag er det tid for å leike med fargar. Folk kastar fargepulver på kvarandre. Då tenkjer dei ikkje på kjønn, alder og kastar. Det markerer at gudane gir fargar når våren kjem. Det er òg festdagen til kjærleiken. Då kan ein knyte nye vennskapsband og tilgi gamle fiendar. Tradisjonen med Holi går tilbake til antikken. Å feire Holi er mest vanleg nord i India.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung jente feirer Holif
Ung jente feirer Holif

St. Patricks dag

I Irland feirar dei St. Patricks dag på nasjonaldagen den 17. mars. Saint Patrick er landet sin skytsengel. Dei feirar at han kom med kristendommen.

I hans tid vart det bygd kyrkjer, kloster og skular. I begynnelsen var det derfor ei religiøs feiring. Irar som emigrerte til USA på 1800-talet, tok med seg tradisjonen. Dei gjorde han meir folkeleg.

Vanleg å kle seg i grønt

Det er vanleg å kle seg i grønt denne dagen. Grønt blir assosiert med Irland. Somme ber òg eit kløver med tre blad. Legendene fortel at Saint Patrick brukte trebladet kløver for å forklare den heilage treeininga. Denne dagen deltek folk i gateparadar. Dei et tradisjonell irsk mat og drikk irsk øl. Dagen blir òg stort feira i USA og Storbritannia. Mellom anna blir elva i Chicago farga grøn.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To menn med høye grønne hatter står og ser på en parade på Manhatten.
To menn med høye grønne hatter står og ser på en parade på Manhatten.

Ramadan

Ramadan er fastemånaden til muslimane. Dei feirar at profeten Muhammad fekk den første openberringa si. Han fekk eit kall frå Gud om å fortelje om Guds lære til heile folket. Dette står det om i Koranen som er den heilage boka til muslimane. Ramadan er òg ei av dei fem søylene til islam. Dei fem søylene er ting som ein muslim er pliktig til å gjere.

Skal ikkje ete og drikke

Under ramadan skal ein ikkje ete og drikke medan sola er oppe. Det gjeld ikkje for barn og gravide kvinner. Fasta skal reinse kroppen innvendig. I tillegg får ein kjenne på korleis fattige menneske har det. På den måten blir alle menneske like. Fasta er òg til for å sjå om ein held ut.

Id-festen

Ramadan blir avslutta med ei stor felles bønn og deretter id-fest. Mat og søtsaker er viktig på festen. Barn og vaksne gir kvarandre gåver. Det er vanleg å pynte seg litt ekstra på id-festen.

Datoen er ulik frå år til år

Datoen for ramadan er ulik frå år til år. Den er den niande månaden i måneåret. Måneåret er kalenderen til muslimane. Den har tolv rundar. Ein runde er tida mellom to fullmånar. Eit måneår er 354 dagar. Det er 11 dagar kortare enn eit solår. Dei neste åra kjem ramadan i mars.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En muslimsk familie på fire personer sitter rundt et bord og spiser et festmåltid under id-festen.
En muslimsk familie på fire personer sitter rundt et bord og spiser et festmåltid under id-festen.

Kjelder:

  • Vogt, Kari: ramadan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. desember 2022 frå http://snl.no/ramadan

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Skolerom
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Skolerom
    7. Getty Images
    8. @ChristiMilla1 – Twitter
    9. Getty Images
    10. Bernhard Reinhold/Public Domain
    11. Skolerom
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images