Kva er ei solformørking? 

Månen krinsar rundt jorda ein gong kvart 27,3 døgn. Jorda krinsar rundt sola ein gong kvart 365,2 døgn. Ei solformørking skjer berre når månen står på linje mellom jorda og sola.

Slik oppstår ei solformørking

1. Storleiken til sola 

Sola har cirka 400 gongar større diameter enn månen, men ho er 400 gongar lenger unna. Derfor verkar dei omtrent jamstore på himmelen, slik at månen kan dekke sola.

 

2. Månen

Vi ser ikkje overflata til månen under ei solformørking. Dette er fordi solsida av månen vender bort frå jorda, og vi ser berre den mørke baksida.

3. Synleg berre for nokre få 

Ikkje alle kan sjå ei solformørking. Berre menneske i område som er på linje med sola og månen, vil kunne sjå henne. Dei delane av jorda som ikkje hamnar i måneskuggen, vil ikkje sjå formørkinga. Dei som er i område som berre til dels er på linje med månen og sola, kan seiast å vere i halvskugge. Dei ser ei delvis solformørking. Dei som er i område som er heilt på linje med månen og sola, er i den djupe skuggen. Dei ser ei total solformørking.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sol- og måneformørkelse
Sol- og måneformørkelse

Solformørking –  kort forklart 

Sol og måneformørkingar kjem parvis 

Det er alltid ei måneformørking anten to veker før eller to veker etter ei solformørking. Det kjem av at sola, månen og jorda framleis ligg nok på linje til at månen kan hamne i skuggen  av jorda.

Solformørking er sjeldan i Noreg

Det er svært sjeldan vi kan sjå totale solformørkingar  frå Noreg. På 1900-talet hadde vi berre fire – den siste var i 1954. På 2000-talet vil det vere fire, og alle er synlege på Svalbard. Den første var 1. august 2008, nummer 2 var 20. mars 2015. Men no må vi vente til 2061 og 2097 på dei neste to.

Kor lenge varer totalformørkinga?  

Enkelte formørkingar varer berre eit par minutt, men andre kan vare 6-7 minutt. Forskjellen kjem av dei avlange banene til jorda og månen. Når månen er nær jorda i krinsløpet, bevegar han seg fortare. Det same gjeld bana til jorda rundt sola, og alt dette verkar inn på kor fort vi ser månen bevege seg over solskiva under ei formørking.

Pass på auga  

Du må aldri sjå rett på sola. Det er svært farleg å sjå rett på sola utan spesielle formørkingsbriller eller eit teleskop med solfilter. Sola er så lyssterk at ho kan skade synet eller i verste fall gjere deg blind. Sjølv om 99 prosent av solskiva blir dekt av månen, er den siste prosenten intens nok til å skade netthinna.

Formørkingar krev syzygi 

Formørkingar skjer ved ei bestemt plassering av sola, jorda og månen som vi kallar syzygi. Det er når dei tre himmellekamane ligg heilt på linje med kvarandre.

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS
  • Engvold, Oddbjørn: penumbra i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 29. juni 2020 fra https://snl.no/penumbra

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images