Kva er ei solformørking? 

Ei solformørking blir til når månen står på linje mellom jorda og sola. Månen krinsar rundt jorda ein gong kvart 27,3 døgn. Jorda krinsar rundt sola ein gong kvart 365,2 døgn.

Slik oppstår ei solformørking

1. Storleiken til sola

Sola har omtrent 400 gongar større diameter enn månen, men ho er også 400 gongar lenger unna. Derfor kan det sjå ut som dei er like store på himmelen, og derfor kan månen dekke sola for oss.

2. Månen

Vi ser ikkje overflata til månen under ei solformørking. Solsida av månen vender bort frå jorda, og vi ser berre den mørke baksida.

3. Synlig berre for nokre få

Ikkje alle kan sjå ei solformørking. Berre menneske i områda som er på linje med sola og månen vil kunne sjå henne.

 

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sol- og måneformørkelse
Sol- og måneformørkelse

Månefasar og formørkingar

Sol og måneformørkingar kjem parvis 

Det er alltid ei måneformørking to veker før eller to veker etter ei solformørking. Dette er fordi sola, månen og jorda framleis ligg nok på linje til at månen kan hamne i skuggen til  jorda. Det er fordi månen då er på den andre sida av jorda.

Solformørkingar er sjeldne i Noreg 

Det er svært sjeldan vi kan sjå totale solformørkingar frå Noreg. På 1900-talet hadde vi berre fire – den siste var i 1954. På 2000-talet vil det vere fire, og alle er synlege på Svalbard. Den første var 1. august 2008, nummer 2 var 20. mars 2015. Men no må vi vente til 2061 og 2097 på dei neste to.

Kor lenge varer totalformørkinga?

Enkelte formørkingar varer berre eit par minutt, men andre kan vare 6-7 minutt. Forskjellen kjem av dei avlange banene til jorda og månen. Når månen er nær jorda i krinsløpet, bevegar han seg fortare. Det same gjeld bana til jorda rundt sola, og alt dette verkar inn på kor fort vi ser månen bevege seg over solskiva under ei formørking.

Pass på auga  

Du må aldri sjå rett på sola. Det er svært farleg å sjå rett på sola utan spesielle formørkingsbriller eller eit teleskop med solfilter. Sola er så lyssterk at ho kan skade synet eller i verste fall gjere deg blind. Sjølv om 99 prosent av solskiva blir dekt av månen, er den siste prosenten intens nok til å skade netthinna.

Formørkingar krev syzygi 

Formørkingar skjer ved ei bestemt plassering av sola, jorda og månen som vi kallar syzygi. Det er når dei tre himmellekamane ligg heilt på linje med kvarandre.

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS
  • Engvold, Oddbjørn: penumbra i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 29. juni 2020 fra https://snl.no/penumbra

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images