Læreplantilkobling

Fag

Naturfag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Energi og materie
  • Teknologi
  • Jorda og livet på jorda
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Berekraftige samfunn
  • Identitetsutvikling og fellesskap

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Naturfag
  • utforske et naturområde og drøfte bærekraftig bruk av området
4. trinn
Naturfag
  • delta i høsting og bruk av naturressurser og drøfte hvordan naturressurser kan brukes på en bærekraftig måte
4. trinn
Naturfag
  • samtale om hva energi er, og utforske ulike energikjeder
4. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling
7. trinn
Naturfag
  • reflektere over hvordan teknologi kan løse utfordringer, skape muligheter og føre til nye dilemmaer
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og presentere ei global utfordring ved berekraftig utvikling og kva for konsekvensar ho kan ha, og utvikle forslag til korleis ein kan vere med på å motverke utfordringa og korleis samarbeid mellom land kan bidra
7. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
10. trinn
Naturfag
  • gi eksempler på dagsaktuell forskning og drøfte hvordan ny kunnskap genereres gjennom samarbeid og kritisk tilnærming til eksisterende kunnskap
10. trinn
Naturfag
  • beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer
10. trinn
Naturfag
  • drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt
10. trinn
Naturfag
  • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på
10. trinn
Samfunnsfag
  • beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur

Fornybare og ikkje-fornybare ressursar

Ein naturressurs er eit råstoff i naturen som vi kan bruke. Vi kan finne naturressursar i havet, på jordoverflata eller under jorda. Døme på naturressursar kan vere fisk, skog, olje, gass og mineral. Vi deler dei inn i fornybare og ikkje-fornybare ressursar.

Ett fiskebruk i lofoten

Fornybare naturressursar

Dei fornybare ressursane blir ikkje brukte opp når vi bruker dei. Vatn, vind og sol er døme på slike ressursar.

Vi seier at fisk og skog òg er fornybare, sjølv om det kan fangast for mykje fisk og hoggast for mykje skog, til at dei kan fornye seg i løpet av ganske kort tid.

Solcellepanel med vindmøller i bakgrunn

Ikkje-fornybare naturressursar

Ikkje-fornybare ressursar blir brukte opp, eller bruker svært lang tid på å fornye seg, når vi bruker dei. Kol, olje og gass er døme på ikkje-fornybare ressursar.

Metall finst òg  i ei begrensa mengde, men dette kan vi gjenvinne. Det gjer vi ved å levere inn tomme metallboksar slik at desse blir smelta om for å lage nye produkt. Kanskje metallboksar du har levert, har vorte laga om til ein sykkel?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Store fabrikkpiper slipper ut mye røyk.

Avfall

Vi produserer mykje avfall, og vi kastar mykje meir no enn vi gjorde tidlegare. Ein av grunnane kan vere at det har blitt billigare å kjøpe nye ting. Resultatet er at vi får store søppelberg. Mykje av søppelet blir resirkulert eller laga om til nye ting. Noko kan brennast og bli til varme, klede kan bli reparererte og bli brukte av andre, og ein vaskar og bruker glassflasker på nytt.

Gjennom å attvinne avfall er vi med på å spare på jordas naturressursar.

En søppeldynge

Berekraft og befolkning

I dag er vi fleire menneske på jorda enn nokon gong tidligare i historia. Vi har opplevd ein befolkningseksplosjon.

Jordas befolkning nærmar seg 8 milliardar menneske. India og Kina er verdas mest folkerike land, men òg  i andre delar av verda aukar befolkninga raskt.

I Noreg har vi ikkje like rask befolkningsvekst som i fleire andre land. For nokre generasjonar sidan var det vanleg med fleire barn i familien her i Noreg, enn det som er vanleg no til dags.

Kva trur du det er som har endra seg i Noreg, sidan det er færre barn i familiane no enn tidligare?

Berekraft

Fordi vi er mange fleire menneske på jorda, må vi bruke ressursane på ein god måte slik at det er nok til alle – både no og i framtida. Dette blir kalla å ha ein berekraftig ressurspolitikk.

Viss alle skulle leve slik som vi lever i Noreg, måtte vi hatt litt meir enn tre jordklodar for å ha nok ressursar.

Dersom vi haustar meir enn naturen klarer, vil han ikkje kunne fornye seg. Det betyr at dersom vi fiskar for mange fisk, vil ikkje fiskebestanden ta seg opp igjen. Dette blir kalla overbeskatning.

For å produsere alle tinga vi vil ha, er vi avhengige av å bruke straum. Ofte bruker vi fossile brennstoff  som kol, olje og gass. Dette gir store forureiningsproblem.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Masse mennesker i en gate i Bangalore

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images