Skru’n som Beckham

Legendariske fotballspelarar som David Beckham og Cristiano Ronaldo er verdskjende for måten dei tar frispark på. Gode frispark der ballen skrur inn i hjørnet frå nesten død vinkel, er ein viktig del av ein dødballsituasjon. Men korleis fungerer fysikken bak slike velplasserte skot?

⬅  David Beckham gjorde kunsten å skru frispark til ein spesialitet. Han var så god at det i 2002 faktisk kom ein film med namnet «Skru’n som Beckham» («Bend it like Beckham»). 

Magnuseffekten 

Det handlar om det som heiter magnuseffekten. Han blei først oppdaga i 1672 av sir Isaac Newton under ein tenniskamp. I 1853 skildra den tyske fysikaren Heinrich Gustav Magnus kva som skjedde. Rundt alle ballar som spinn, blir luftstraumen forstyrra. Viss ballen spinn mot klokka, vil lufttrykket på høgre side auka. På venstre side av ballen blir lufttrykket mindre. Det oppstår ein trykkforskjell som skuvar ballen mot venstre.

Illustrasjon: Thierry Dugnolle (CC BY-SA 4.0)

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!