Skru’n som Beckham

Legendariske fotballspelarar som David Beckham og Cristiano Ronaldo er verdskjende for måten dei tar frispark på. Gode frispark, som for eksempel perfekte skot inn i hjørnet frå nesten død vinkel, eller dundrande kanonskot, er ein viktig del av ein dødballsituasjon. Men korleis fungerer fysikken bak slike velplasserte skot?

⬅  David Beckham gjorde kunsten å skru frispark til ein spesialitet. Han var så god at det i 2002 faktisk kom ein film med namnet «Skru’n som Beckham» («Bend it like Beckham»). 

Magnuseffekten 

Det heile handlar om det som heiter magnuseffekten. Denne effekten blei først oppdaga i 1672 av Isaac Newton under ein tenniskamp, og i 1853 skildra av den tyske fysikaren Heinrich Gustav Magnus. Rundt alle spinnande sylindrar eller kuler blir luftstraumen forstyrra på bestemte måtar. Viss ballen spinn mot klokka, vil høgresida bevega seg den vegen ballen går, og friksjonen mellom ballen og lufta han går igjennom, aukar. På venstre side av ballen spinn ballen i same retning som luftstraumen forbi ballen, og friksjonen der blir mindre enn på høgre side. Det oppstår ein trykkforskjell som skuvar ballen mot venstre.

Illustrasjon: Thierry Dugnolle (CC BY-SA 4.0)

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!