Fridom eller fangenskap på nettet?
Internett er blitt ein kvardagsleg ting for dei aller fleste. Men kven eig eigentleg internett, og kva skjer med spora du legg frå deg? Er internett opent for alle, eller kan nokon styre det?
Person som holder en katt som ser på mobiltelefon.
Kva betyr www?
Internett er noko mange tenkjer på som «World Wide Web» (www). Det er den delen av internettet som lar oss bruke nettstader. For at ein datamaskin skal kunne koplast til ulike nettstader, treng maskinen riktig programvare, kalla nettlesarar. Populære nettlesarar er Chrome, Edge, Safari og Opera.
Person sitter foran datamaskin og peker på et svevende søkefelt.
Hender holder en globus sammen.
Kven eig deg på internett?
Har du brukt Facebook, Google, Instagram, TikTok eller andre gratis tenester på internett? Då har du også sagt ja til at dei som eig desse tenestene, kan registrere informasjon om deg.
Katt trykket på en mobiltelefon som ligger på gulvet.
Person som sitter ved en datamaskin med et svevende flyskjema foran seg.
Gullmynter med gravert tommel opp i facebook-stil
Opprør, kampar og sosiale medium
I vår tid har internett og sosiale medium blitt nye former for våpen i krigar og opprør. På Facebook, Twitter og Instagram vert det lagt ut videoar av menneske som skyt på kvarandre. Også på meldingstenester som Telegram og WhatsApp kommuniserer soldatar, opprørarar og politikarar saman.
Opprørspolitimann foran en gruppe opprørere.
Personer som protesterer omringet av opprørspoliti i Egypt
Det sensurerte internettet
Internett kan gi tilgang på enorme mengder informasjon. Mykje av dette ønskjer myndigheitene i nokre land å halde borte frå innbyggjarane. Myndigheitene kan blokkere nettstader og appar, og dermed sensurere kva innbyggjarane har tilgang på.
📷 Reportarar utan grenser har laga eit stort bibliotek i spelet «Minecraft». Biblioteket gir tilgang på sensurert innhald frå heile verda. Dette ligg no fritt tilgjengeleg for dei som ønskjer informasjon, sidan spelet kan spelast i dei fleste land. Les meir på uncensoredlibrary.com.
Illustrasjon av den kinesiske mur
Collage av Xi Jinping og Ole Brumm
Covid 19-pandemien
I Kina er det store restriksjonar på kva informasjon om pandemien som er tilgjengeleg.
Kinesere står med masker i kø for å handle
Tank man - Mann står alene foran fire militærtanks.
Overvaking i stor skala
Kina overvaker både internett og befolkninga. Bruken av blant anna ansiktsgjenkjenning har blitt eit utruleg effektivt middel i Kina. Det vert brukt til «public shaming». Offeret blir hengt ut offentleg fordi vedkommande har gjort noko myndigheitene meiner er ulovleg og «usivilisert». Slike bilde kan brukast på plakatar eller i aviser.
📷 Lyktestolpe i Tiananmen som er dekt av overvakingsutstyr.
Lyktestolpe på Tiananmen full av overvåkningsutstyr
Framskritt og grenser
Internett har gjort enorme framskritt i verda med tanke på produktivitet og kommunikasjon. Likevel ser vi at teknologien også kan misbrukast eller brukast til å setje grenser for folk. Når nokre få bestemmer kva for informasjon som skal nå ut til folket, skaper det ein enorm ubalanse i maktforholda. Det vert sagt at kunnskap er makt. Korleis trur du internett er med på å bestemme korleis vi ser verda?
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ramy Raoof
-
Unsencored library
-
Michel Temer / JD Hancock – YouTube
-
Joshua Fernandez (Unsplash)
-
NTB Scanpix / Jeff Widener
-
Ed Johnson
-
Getty Images
-