Frykt 

Tenk deg at du er åleine heime ei natt. Så høyrer du eit kraftig smell. Hjartet bankar fort i brystet. Musklane blir stramma, og pusten går raskare og raskare. Alle sansar er skjerpte, og du er klar til å angripa eller flykta frå det som laga lyden. Så viser det seg at det berre var ei stor bok som datt ned frå bokhylla som skulle vore reparert førre veke. Hjernen og kroppen din reagerte likevel som om du var i livsfare.

Primitiv kjensle    

Frykt er ei av dei sterkaste og mest primitive kjenslene vi har. Verda er ein farleg stad, og frykt for skumle ting vernar oss mot fare og held oss i live. Nokre fryktreaksjonar er medfødde, men vi kan òg læra oss å vera redde for ting.

Som barn lærer vi kva som gjer foreldra våre redde, og vi blir sjølv redde for ting som vi har hatt negative erfaringar med.

Heldigvis klarer vi som regel å ignorera fryktreaksjonar når vi skjønner at vi ikkje eigentleg er i fare. Vi kan nyta utsikta frå ein fjelltopp utan heile tida å vera redde for å falla ned, vi kan skru av lyset om natta utan å bekymra oss for monster under senga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kort om frykt 

Fobiar 

Menneske med fobiar har likevel ein ekstrem fryktreaksjon mot bestemte ting som ikkje nødvendigvis er farlege. Slik irrasjonell frykt kan vera veldig hemmande i kvardagen. Folk med høgdeskrekk kan få total panikk berre dei skal gå over ei gangbru.

Det er usikkert kva slike fobiar kjem av, men det kan ha samanheng med ubehagelege opplevingar tidleg i livet. Du kan til dømes utvikla cynofobi (frykt for hundar) viss du vart biten som liten.

Uansett om ein har grunn til å vera redd eller ei: Hjernen oppdagar noko han fryktar, får ein kjemp- eller flykt-reaksjon og gjer kroppen klar til handling.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Tips mot fobiar 

Naturleg frykt 

Enkelte fryktreaksjonar er naturlege og instinktive, slik at vi skal ligga unna farlege dyr og situasjonar.

Giftige kryp  

Forsking tyder på at vi har ei medfødd evne til å få auge på edderkoppar og slangar fortare enn ufarlege dyr. Ei mogleg forklaring er at dei tidlege pattedyrslektningane våre var nøydde til å kjenna igjen slangar lynraskt for ikkje å bli middag. Og dei afrikanske forfedrane våre levde tett på tallause livsfarlege edderkoppartar i millionar av år, og det var livsviktig å få auge på dei og halda seg unna. 

Sjølv om dei fleste slangar og edderkoppar er ufarlege, har vi ei naturleg frykt for dei.

Høgder 

Høgdeskrekk er viktig for å halda oss i live – ho får oss til å vera forsiktige i farlege situasjonar. Forskarar utforska denne naturlege frykta ved å leggja ei glasplate over eit djupt hòl. Så sette dei krabbande babyar ved sida av. Dei aller fleste babyane heldt trygg avstand til avgrunnen, noko som tyder på at høgdeskrekk er medfødd.

Mørket 

Synet er kanskje den viktigaste sansen vi har. Derfor er det ikkje rart at vi føler oss sårbare når vi er omgitt av mørke og ikkje aner kva som er rundt oss. Natta var svært farleg for forfedrane våre; det er då flest livsfarlege rovdyr går på jakt. Det er ikkje mange som treng vera redd for farlege dyr om natta lenger, men vi har framleis ei naturleg frykt for tussmørket.

Når hjernen set i gang overlevingsmekanismen sin!    

Sanseinntrykk blir vanlegvis sende frå kroppen til ei kjede av strukturar i hjernen, som tolkar og analyserer dei og set i gong ein passande reaksjon. Men når det er fare på ferde, tar ein slik grundig analyse farleg lang tid – det tar kanskje brøkdelen av eit sekund å tolka kva som eigentleg skjer, men enkelte  gongar har vi ikkje brøkdelen av eit sekund. For at kroppen skal kunna reagera lynraskt på farar, blir det sendt råsignal rett til amygdala, via ein snarveg.

Amygdala sender beskjed rett vidare til hypofysen, som slepper rundt 30 ulike hormon ut i blodet. Eit av hormona, adrenalin, set i gang ei rekke reaksjonar i kroppen. Det får muskulaturen i lungene til å slappa av, slik at luftvegane blir utvida og meir oksygen blir tatt opp i blodet. Det stimulerer celler i hjartet så pulsen stig, og strammar musklar i auga slik at pupillane blir utvida.

Det er dei fysiske endringane som desse hormona set i gong, som er kjent som kjemp- eller flykt-reaksjonen. Denne instinktive reaksjonen gjer deg klar til anten å slåst for livet eller å rømma.

Svært få av oss opplever farlege situasjonar til dagleg, så kjemp- eller flykt-reaksjonen er ofte falsk alarm. Panikken du kjenner etter eit kraftig smell, kjem altså at av sanseinntrykka når amygdala før dei har vorte analyserte på eit høgare nivå i hjernen. Kjemp- eller flykt-reaksjonen blir automatisk sett i gang før situasjonen har vorte vurdert – for å vera på den sikre sida. Når amygdala får meir informasjon og finn ut at du ikkje er i fare likevel, sender han beskjeden om å avbryta kjemp- eller flykt-reaksjonen – og kroppen går tilbake til vanleg funksjon. Enkelte av oss bruker ganske lang tid på å roa oss ned igjen.

Menneskehjernen er altså spesialutvikla til å vera førebudd på det verste. Det kan verka dumt at alle høge lydar blir sedde på som farlege, men viss faren ein gong skulle vera verkeleg, kan denne overreaksjonen redde livet ditt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kvifor skrik vi? 

Å skrika er ein medfødd reaksjon. Vi skrik både når vi er opprømte og glade, men òg når vi skvett. Forskarar har granska korleis vi reagerer på skrik. Når vi høyrer vanleg prat, blir lydsignala sende til høyrslesenteret i hjernen for å bli tolka. Men lyden av skrik blir send rett til amygdala og set i gong fryktreaksjonen i hjernen.

Dess meir dramatisk skrik, dess kraftigare er reaksjonen. Skrik er altså ein svært effektiv måte å kommunisera på – det fortel ikkje berre at fare er på ferde, men gjer dei som høyrer det, klare til handling.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Angst i kroppen 

Kroppen set i gong ekstreme reaksjonar når han er i krisemodus.


1. Hormon 
Nervesystemet og binyreborken sender mengder av hormon ut i blodet. Dei set i gong ulike prosessar i kroppen.


2. Høg puls 
Hormona adrenalin og noradrenalin aukar pulsen og sender meir blod til musklane og hjernen.

3. Rask energi
Levra di bryt ned glykogen til glukose for å gi kroppen rask tilgang til ekstra energi.


4. Kaldsveitte
Kroppen er klar til å handla, og sveittar for å halda temperaturen nede når det verkeleg er alvor.


5. Sommerfuglar
Blodet blir trekt vekk frå mindre viktige system, som fordøyinga. Det er derfor du får «sommarfuglar i magen» når du er nervøs. 

6. Vill i blikket
Pupillane utvidar seg for å sleppa inn meir lys så du kan sjå betre og oppfatta moglege truslar.  


7. Raskt andedrag
Raskare pust sender meir oksygen til musklane og gjer dei klare for handling. 


8. Gåsehud
Når musklane blir stramma, reiser håra på huda seg. Det fekk dei pelskledde forfedrane våre til å sjå større og skumlare ut. 

9. Kaldt nedetter ryggen
Blodårer i huda trekkjer seg saman for å senda meir blod til musklane og bremsa blodtapet viss du blir skadd. Dette gjer at du kjenner deg kald.  


 10. Skjelving
Meir blod blir pumpa til musklane, slik at du kan forsvara deg eller stikka av. Det kan få armar og bein til å skjelva. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historien om mennesket junior (2020)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK
    4. Getty Images
    5. NRK
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Future plc
    13. NRK