Frykt 

Tenk deg at du er åleine heime. Så høyrer du eit kraftig smell. Kva var det? Hjartet bankar fort i brystet. Musklane blir stramma, og pusten går raskare og raskare. Kroppen din er klar til å angripa eller flykta frå det som laga lyden. Men så var det berre ei stor bok som datt ned frå bokhylla. Hjernen og kroppen din reagerte likevel som om du var i livsfare.

Urgammal kjensle    

Frykt er ei av dei sterkaste kjenslene vi har. Og det er ei kjensle vi menneske alltid har hatt. Verda kan vera ein farleg stad! Fryktkjensla vernar oss mot fare og held oss i live. Nokre fryktreaksjonar er vi fødde med. Men vi kan òg læra oss å frykta ting.

Ofte skjønner vi at vi eigentleg ikkje er i fare. Då treng vi ikkje å bli redde. Vi kan sjå på utsikta frå ein fjelltopp utan å vera redde for å falla ned. Vi kan skru av lyset om natta utan å vera redde for at det er eit monster under senga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!