Frykt 

Tenk deg at du er åleine heime ei natt. Så høyrer du eit kraftig smell. Hjartet bankar fort i brystet. Musklane blir stramma, og pusten går raskare og raskare. Alle sansar er skjerpte, og du er klar til å angripa eller flykta frå det som laga lyden. Så viser det seg at det berre var ei stor bok som datt ned frå bokhylla som skulle vore reparert førre veke. Hjernen og kroppen din reagerte likevel som om du var i livsfare.

Primitiv kjensle    

Frykt er ei av dei sterkaste og mest primitive kjenslene vi har. Verda er ein farleg stad, og frykt for skumle ting vernar oss mot fare og held oss i live. Nokre fryktreaksjonar er medfødde, men vi kan òg læra oss å vera redde for ting.

Som barn lærer vi kva som gjer foreldra våre redde, og vi blir sjølv redde for ting som vi har hatt negative erfaringar med.

Heldigvis klarer vi som regel å ignorera fryktreaksjonar når vi skjønner at vi ikkje eigentleg er i fare. Vi kan nyta utsikta frå ein fjelltopp utan heile tida å vera redde for å falla ned, vi kan skru av lyset om natta utan å bekymra oss for monster under senga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!