Gaming

Kva fordelar er det med gaming? Er e-sport ein idrett? Kva kan skje med dei som blir spelavhengige?

Accessibility icon Gaming

Gaming

Fortnite, CS, Minecraft eller Roblox. Kva speler du?

Du er ikkje akkurat åleine om å spele dataspel. Det er utruleg mange andre som driv med det same. I dette miljøet kan du lære, skape og dele informasjon. I Noreg er det 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene som speler.

En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
FordelAr med gaming:

Om du bruker mykje tid på dataspel, kan du ha godt samvit. Gaming er nemleg ikkje berre gøy, det er nyttig også. Her er seks gode grunnar til det:

1. Du blir god i engelsk

Mange spel går føre seg på engelsk. Dei du speler med, kan sitje overalt i heile verda. Då trener du språkkunnskapane dine. For somme blir engelsk eit favorittfag på skulen, fordi dei føler at dei meistrar språket.

2. Du er sosial og får nye venner

Mange spel legg opp til samarbeid med andre. Med dette fellesskapet kan du få nye venner.

3. Du blir god til å løyse problem

I spel må du ofte løyse små eller store problem. Du må kanskje redde ein landsby frå fiendar, eller framtida til éin spesiell karakter. Andre gongar må du skaffe deg det beste utstyret, eller overvinne hundrevis av drakar.

4. Multitasking

Når du gamar, blir du god på multitasking. Du må nemleg gjere fleire ting på ein gong. For å meistre spelet må du bruke begge hendene, synet og andre delar av kroppen. Dette kan vere gode eigenskapar i kroppsøvingsfaget.

5. Du lærer å takle stress

Gamarar opplever veldig mykje stress. Du må ofte jobbe hardt for å løyse utfordringane du møter. Det er viktig å behalde roa og utføre oppgåvene på best mogleg måte.

6. Trene på følelsar

Gjennom ei lang økt med speling får du trent følelsar som stoltheit, tilfredsheit, håpløyse, nervøsitet, panikk, forvirring, tvil og frustrasjon.

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.

Mykje penger i gaming

Mange spel har det vi kaller in-app-purchases. Då kan du for eksempel kjøpe ekstra utstyr for å komme lenger i eit spel. Dei som lager spel, tener mykje på dette! Ikkje kjøp noko før du er heilt sikker på kva du gjer. Det kan fort bli veldig dyrt.

Milliardar i overskot

Dei som lager dataspel, kan tene veldig mykje penger. I 2021 hadde videospelbransjen i verda ei overskot på 535 milliardar norske kroner! Er du hekta på gaming, så kan spelbransjen vere drøymejobben!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann ser ned på telefon sin som det flyr penger fra.
En mann ser ned på telefon sin som det flyr penger fra.

Gaming og foreldre

Utfordringa med dataspel er at mange foreldre ikkje er interesserte. Dei deltar mykje meir i andre fritidsaktivitetar. Derfor kan dataspeling fort føre til  konflikt. Kvifor det, trur du?

En gutt sitter å gamer i sengen sin. Storesøsteren hans står bak han å prøver å få kontakt med han, fordi han må gjøre leksene sine.
En gutt sitter å gamer i sengen sin. Storesøsteren hans står bak han å prøver å få kontakt med han, fordi han må gjøre leksene sine.

E-sport

E-sport er dataspeling i organisert form. iDe som driv med e-sport, må halde seg i form for å kunne delta på eit høgt nivå.

Det er ikkje mykj fysisk bevegelse i e-sport. Er det då ein idrett? Idrettar som dart og biljard krev heller ikkje mykje bevegelse. Eller kva med styrkeløft?

Idrett handlar om konkurranse, og målet er som regel å vinne. Gjeld ikkje dette også for e-sport?

Visste du at …?

E-sport er størst i Asia? Nesten 400 millionar menneske såg på e-sport i 2016.

På nokre norske vidaregåande skular er det innført eigne e-sport-linjer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et team spiller på E-sport
Et team spiller på E-sport

Spelavhengnad

Dataspel kan gjere deg avhengig. Det kan vere veldig vanskelig å slutte med dataspel.

Faresignal:

  • Frustrasjon og sinne mot foreldre
  • Aggressiv reaksjon viss ein taper
  • Fråvære frå skulen
  • For lite søvn og dårleg hygiene
  • Bruker stadig meir tid på speling
  • Sit mykje åleine
  • Dårleg kosthald, stort forbruk av energidrikkar

Kjenner du igjen noko av dette hos deg sjølv eller andre, så snakk med ein vaksen. Snakk gjerne med ein lærar eller helsesjukepleiar på skulen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt som sitter å spiller mens det ser ut som han holder på å sovne
En gutt som sitter å spiller mens det ser ut som han holder på å sovne

Då veit du ein god del om gaming, men korleis har dataspela utvikla seg?

Eit eksempel på kva du kan gjere med eit av dei mest populære dataspela gjennom tidene – Minecraft.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Yvonnekarate – YouTube
    8. NRKbeta YouTube