Gaming

Kva fordelar er det med gaming? Er e-sport ein idrett? Kva kan skje med dei som blir spelavhengige?

Accessibility icon Gaming

Gaming

Fortnite, CS, Minecraft eller Roblox. Kva speler du?

Som alle andre hobbyar er dataspel ein kultur med eigne aktivitetar, språk, kjendisar og historie. Ofte handlar det om å vere ein del av eit større miljø der ein lærer, skaper og deler informasjon. I Noreg speler 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene, men andelen jenter aukar.

En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
FordelAr med gaming:

Gaming er ei god kjelde til læring og utvikling. Om du bruker mykje tid på dataspel, kan du ha godt samvit. Gaming er nemleg ikkje berre gøy, det er nyttig også. Her er seks gode grunnar til det:

1. Du blir god i engelsk

Mange spel krev at du les instruksar og kommuniserer med andre spelarar på engelsk. Då trener du språkkunnskapane dine. For somme blir engelsk eit favorittfag på skulen, fordi dei kjenner mestringsfølelse.

2. Du er sosial og knyter nye kontaktar

Mange spel legg opp til samarbeid med andre, på tvers av landegrenser og språk. Med dette fellesskapet kan du få nye venner. Kanskje er nettopp du ein viktig kontakt for nokon som ikkje har så mange venner frå før?

3. Du blir god på problemløysing

I tillegg til at du blir betre på samarbeid, trener du også på problemløysing. Kanskje di avgjerd påverkar liva til innbyggjarane i ein by, eller framtida til éin spesiell karakter? Eller det kan vere strategiske og taktiske problemstillingar. Korleis kan du skaffe deg det beste utstyret, eller overvinne ein fiende raskast mogleg?

4. Motoriske ferdigheiter

Når du gamar, vert det ofte stilt høge krav til motoriske ferdigheiter. Du må vere rask og bruke begge hendene samtidig. Du utviklar også god auge-hand-koordinasjon. Dette kan vere gode eigenskapar i kroppsøvingsfaget.

5. Du lærer å takle stress

Dei som gamar på profesjonelt nivå, vert utsette for samme mengd med stress som ein racerbilsjåfør. Hobbygaming er nok ikkje like krevjande, men du vert påverka av dei same mekanismane. Å behalde roa og utføre oppgåver på ein god måte i slike situasjonar, er ei treningssak der du tar med deg erfaringar i nye forsøk og framtidige oppgåver.

6. Trene på følelsar

Gjennom ei lang økt med speling får du trent følelsar som empati, anger, stoltheit, tilfredsstilling, engasjement, håpløyse, nervøsitet, panikk, forvirring, tvil, frustrasjon og irritasjon. Fleire av desse følelsane er ganske unike for spelmediet.

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.

Mykje penger i gaming

Det finst mange ulike typar spel, og mange av dei er gratis. Men gratis er ikkje alltid gratis! Mange spel er laga slik at ein kan kjøpe ekstra innhald. Det gjer det enklare å vinne eller komme vidare. Dette kallar vi in-app-purchases. Dette tener spelselskapa mykje på!

Enkelte har opplevd å få rekningar på mange tusen kroner for kjøpa sine.

Milliardar i overskot

I 2021 hadde videospellbransjen i verda eit overskot på 535 milliardar norske kroner!

Noreg produserer masse dataspel og eksporterer for fleire hundre millionar kvart år. Samanlikna med Sverige er dette småpengar, for der har de ei omsetning på over 25 milliardar svenske kroner! Er du hekta på gaming, så kan spelbransjen være drøymejobben!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann ser ned på telefon sin som det flyr penger fra.
En mann ser ned på telefon sin som det flyr penger fra.

Gaming og foreldre

Utfordringa heime er at mange foreldre blir ein liten del av denne hobbyen. Fleirtalet av norske barn speler dataspel i dag. Tal frå Medietilsynet viser at foreldre engasjerer seg mykje meir i andre fritidsaktivitetar enn i dataspel.

En gutt sitter å gamer i sengen sin. Storesøsteren hans står bak han å prøver å få kontakt med han, fordi han må gjøre leksene sine.
En gutt sitter å gamer i sengen sin. Storesøsteren hans står bak han å prøver å få kontakt med han, fordi han må gjøre leksene sine.

E-sport

E-sport er gaming i organisert form. Det er usemje om dette kan kallast ein idrett eller ikkje. Dei som driv med e-sport, seier at dei må halde seg i form for å kunne delta på eit høgt nivå. Det krev raske refleksar, auge/hand-koordinasjon, leiing, uthald og strategi.

Diskusjonen om noko er idrett eller ikkje, dreier seg om det må vere fysisk bevegelse eller ikke. Dei som meiner at e-sport er ein idrett, peikar på idrettar som dart og biljard. Det krevst ikkje alltid mykje bevegelse for å kunne kallast idrett.

Idrett handlar om konkurranse, og målet er som regel å vinne. Det betyr noko å rykke opp eller ned. Idrett er organisert, og blir styrt av eit regelsett, ofte forvalta av ein upartisk dommar. Gjeld ikkje dette også for e-sport?

Visste du at …?

E-sport er spesielt mye utbreidd i Asia, men også i USA og Europa er det mange som speler dataspel. Over 380 millionar menneske såg på e-sport i 2016. Det er utøvarar som lever av og tener gode pengar på deltaking.

På nokre norske vidaregåande skular er det innført eigne e-sport-linjer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et team spiller på E-sport
Et team spiller på E-sport

Spelavhengnad

Dataspela gir underhaldning, sosiale ferdigheiter og kunnskap. Men for nokre blir spelinga nærmast ein sjukdom. Dei blir spelavhengige.

Dei som slit med dette, ønskjer som regel ikkje å snakke om det. Då er det ikkje så lett å hjelpe til. Nokre er heilt utslitne når dei kjem på skulen fordi dei har site oppe heile natta og spelt.

Faresignal:

  • Frustrasjon, sinne og humørsvingningar
  • Aggressiv reaksjon ved tap av speletid
  • Konfliktar med familie og venner
  • Fråvære frå skule
  • Tap av søvn, vekttap/vektauke, dårleg hygiene
  • Bruker stadig meir tid på speling
  • Isolerer seg
  • Einsformig kosthald
  • Stort forbruk av energidrikkar

Kjenner du igjen noko av dette hos deg sjølv eller andre, så snakk med ein vaksen. Snakk gjerne med ein lærar eller helsesjukepleiar på skulen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt som sitter å spiller mens det ser ut som han holder på å sovne
En gutt som sitter å spiller mens det ser ut som han holder på å sovne

Då veit du ein god del om gaming, men korleis  har dataspela utvikla seg?

Eit eksempel på kva du kan gjere med eit av dei mest populære dataspela gjennom tidene – Minecraft.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Yvonnekarate – YouTube
    8. NRKbeta YouTube