Gaming

Kva fordelar er det med gaming? Er e-sport ein idrett? Kva kan skje med dei som blir spelavhengige?

Accessibility icon Gaming

Gaming

Fortnite, CS, Minecraft eller Roblox. Kva speler du?

Du er ikkje akkurat åleine om å spele dataspel. Det er utruleg mange andre som driv med det same. I dette miljøet kan du lære, skape og dele informasjon. I Noreg er det 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene som speler.

En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
FordelAr med gaming:

Om du bruker mykje tid på dataspel, kan du ha godt samvit. Gaming er nemleg ikkje berre gøy, det er nyttig også. Her er seks gode grunnar til det:

1. Du blir god i engelsk

Mange spel går føre seg på engelsk. Dei du speler med, kan sitje overalt i heile verda. Då trener du språkkunnskapane dine. For somme blir engelsk eit favorittfag på skulen, fordi dei føler at dei meistrar språket.

2. Du er sosial og får nye venner

Mange spel legg opp til samarbeid med andre. Med dette fellesskapet kan du få nye venner.

3. Du blir god til å løyse problem

I spel må du ofte løyse små eller store problem. Du må kanskje redde ein landsby frå fiendar, eller framtida til éin spesiell karakter. Andre gongar må du skaffe deg det beste utstyret, eller overvinne hundrevis av drakar.

4. Multitasking

Når du gamar, blir du god på multitasking. Du må nemleg gjere fleire ting på ein gong. For å meistre spelet må du bruke begge hendene, synet og andre delar av kroppen. Dette kan vere gode eigenskapar i kroppsøvingsfaget.

5. Du lærer å takle stress

Gamarar opplever veldig mykje stress. Du må ofte jobbe hardt for å løyse utfordringane du møter. Det er viktig å behalde roa og utføre oppgåvene på best mogleg måte.

6. Trene på følelsar

Gjennom ei lang økt med speling får du trent følelsar som stoltheit, tilfredsheit, håpløyse, nervøsitet, panikk, forvirring, tvil og frustrasjon.

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!