Landsfaderen
George Washington leia den amerikanske revolusjonen som førte til sjølvstende frå Storbritannia. Han var også den første presidenten i landet. Dette er grunnen til at George Washington er kalla «landsfaderen».
Som ein av av grunnleggjarane av USA er han foreviga i fjellsida Mount Rushmore – dei andre er Thomas Jefferson, Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln.
Mount Rushmore National Memorial, i dagligtale Mount Rushmore, er et nasjonalt minnesmerke som ligger i Keystone, Sør-Dakota, USA.
Tobakkplantasje
Fedrelandet Storbritannia
Likevel vart dei nordamerikanske sett på som undersåttar av den britiske kongen. Dei betalte skatt til fedrelandet Storbritannia. Desse pengane gjekk ofte til krig eller til privat bruk hos kongen.
Sjølvstendeerklæringa
Den 4. juli 1776 signerte kongressen i Amerika ei sjølvstendeerklæring. Då frigjorde koloniane seg for godt frå Storbritannia. Men krigen varte heilt til 1783.
Med hjelp av fransk støtte og eit godt samarbeid mellom koloniane klarte Washington endelig å vinne over britane.
Ein ny nasjon vert fødd
Ein ny nasjon var fødd, Dei sameinte statane i Amerika (United States of America). Nasjonen fekk grunnlova si i 1789. Då vart George Washington også vald som den første presidenten i USA. Han var rett mann på rett stad, og han følte eit stort ansvar. Han måtte klare å samle folk, sjølv om dei var ueinige om korleis landet skulle styrast.
Papirbakgrunn 8
Washington D.C.
Hovudstaden i USA er oppkalla etter George Washington. I 1790 valde han dette området som den nye hovudstaden til USA. D.C er ei forkorting for «District of Columbia». Columbia er eit historisk namn for nasjonen USA. Opphavet til ordet «Columbia» er namnet til den italienske oppdagaren Christofer Columbus.
«Be Patriotic»-plakat frå cirka 1917-18. ⮕
Kjelder:
- Historiens største ikoner (2020)
Orage Forlag AS
- History.com (15.03.2021): How did Washington, D.C., get its name?
https://www.history.com/news/how-did-washington-d-c-get-its-name
- Thuesen, Nils Petter; Nordlie, Haavard; Skatvik, Frida; Hoprekstad, Odd Egil: Washington D.C. i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. mars 2021 frå https://snl.no/Washington_D.C.
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Paul Stahr / Herbert Hoover Library / National Archives and Records Administration
-