Læreplantilkobling

Fag

Kroppsøving

Mat og helse

Naturfag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter
  • Kropp og helse
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Bevegelse og kroppsleg læring
  • Helsefremjande kosthald
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Identitet og livsmeistring
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Mat og helse
  • vise samanhengar mellom matvaregrupper og næringsstoff som er viktige for god helse
7. trinn
Naturfag
  • gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen
7. trinn
Naturfag
  • gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet
7. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
7. trinn
Samfunnsfag
  • gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis kommersiell påverknad kan verke inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
10. trinn
Kroppsøving
  • reflektere over korleis ulike framstillingar av kropp i media og samfunnet påverkar bevegelsesaktivitet, kroppsidentitet og sjølvbilete
10. trinn
Mat og helse
  • gjere greie for og kritisk vurdere påstandar, råd og informasjon om kosthald og helse
10. trinn
Naturfag
  • sammenligne nervesystemet og hormonsystemet og beskrive hvordan rusmidler, legemidler, miljøgifter og doping påvirker signalsystemene
10. trinn
Naturfag
  • beskrive kroppens immunforsvar og hvordan vaksiner virker, og gjøre rede for hva vaksiner betyr for folkehelsen
10. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
VG3
VG3
  • planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening og forklare korleis dette kan medverke til ein fysisk aktiv og helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • gjere greie for sosialisering og drøfte korleis identiteten og sjølvkjensla til ungdom blir påverka gjennom sosialisering
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • reflektere over utfordringar i samband med grensesetjing og drøfte ulike verdiar, normer og lover som gjeld kjønn, seksualitet og kropp
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • drøfte korleis personleg økonomi, kommersiell påverknad og forbruk påverkar enkeltpersonar, grupper og samfunnet

Kva er hygiene?

Ordet «hygiene» kjem frå gresk (Hellas). Det betyr ‘sunnheit’. Når vi bruker ordet hygiene, meiner vi ofte reinslegheit. God hygiene gjer at vi blir mindre sjuke, og at kroppen får ei betre lukt.

Voksen dame som ser inn i en vaskemaskin og holder seg for nesa.

Handhygiene

Det er viktig å vaske hendene med såpe og vatn. Då kan du unngå å bli smitta av sjukdommar. Vi er nemleg borti mange ting i løpet av ein dag. Desse tinga kan vere fulle av bakteriar som gjer oss sjuke.

Mor står å ser på datter vasker hendene på kjøkkenet

Personleg hygiene

Å dusje er bra fordi det blir brukt rennande vatn. Då blir støv og sveitte skylt av kroppen. For å ta vare på huda og dei gode bakteriane, er det best å bruke ei mild (nøytral) såpe.

Å lukte godt er bra for deg sjølv og andre. Bruk deodorant eller antiperspirant for å hindre sveittelukt. Deodorant tar bort noko av sveittelukta. Antiperspirant gjer at du sveittar mindre.

Puss tenner, og bruk tanntråd for å fjerne matrestar. Matrestar kan gi dårleg ande. Bruk eventuelt tyggegummi eller pastillar for å hindre vond lukt frå munnen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En gutt som tar med såpe i dusjen

Du kan vaske på deg vond lukt

Ingen ønskjer å kjenne vond lukt frå underlivet sitt. Derfor er det mange som vaskar seg for mykje “der nede”, og med feil såpe. Problemet med det er at du vaskar bort dei bakteriane som beskyttar deg.

Vaskar du bort dei gode bakteriane, kan det komme andre bakteriar som lagar vond lukt. For å unngå dette er det nok å vaske underlivet med reint vatn. Du treng ikkje å bruke såpe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Smittestoff

Vi blir utsette for mange smittestoff. Virus og bakteriar kan gjere oss sjuke. Bakteriar trivst nesten kvar som helst. Virus angrip levande celler. Det er mogleg å bli vaksinert mot bestemte virus, slik som covid-19. Smitte går ofte frå ei hand til ei anna. For å unngå smitte er det viktig å ha god hygiene, leve sunt og vere vaksinert.

I denne videoen frå Folkehelseinstituttet (FHI) har dei fargelagt bakteriane slik at du kan sjå korleis dei blir spreidde.

 

Kontaktsmitte er smitte som skjer gjennom direkte kontakt – som klem eller handtrykk. Du bør derfor vaske hendene ofte. Ikkje klem ein som er forkjøla. Ikkje drikk av same flaska som ein annan. Det er spesielt viktig å vaske hendene etter at du har vore på toalettet.

Hovudlus dukkar jamleg opp på skular og i barnehagar. Desse blir spreidde viss ein brukar same hårbørsten eller hovudplagget som ein som har fått lus.

Luft- og dropesmitte skjer viss nokon nys eller hostar. Slik blir det spreidd dropar som kan komme i kontakt med andre. Du bør derfor nyse/hoste i eit lommetørkle eller i olbogen. Under koronapandemien brukte folk munnbind for å hindre slik smitte.

Mat- og vassmitte kan skje viss det er dårleg hygiene på eit kjøkken eller om ein brukar forureina vatn. Det er viktig å vaske hender og kjøkkenutstyr godt når du lagar mat. Ein må koke vatn som ikkje er reint.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva er sveitte?

Mange synest det er flautt å sveitte, men det er heilt nødvendig. Sveitte er for det meste vatnet som kjem ut av svettekjertlane i huda. Når dette fordampar, blir huda avkjølt. Det er viktig å dusje og skifte klede etter gymtimen, for at ein ikkje skal gå rundt og lukte sveitte.

Det varierer kor mykje vi menneske sveittar. I ungdomstida sveittar vi meir. Sveitten i seg sjølv er nærmast luktfri. Når han kjem i kontakt med bakteriar på huda, blir sveitten broten ned, og det kan bli danna vond lukt.

Det er aldri noko kjekt å vere nær menneske med sterk sveittelukt. Ein deodorant eller antiperspirant kan vere til nytte for å redusere sveittelukt.

Mange er også plaga med fotsveitte (tåfis). Vask føtene, og skift sokkar og sko. Det er lurt å lufte føtene så ofte du kan. Det finst både spray og spesielle solar som motverkar dårleg lukt i skoa.

Denne videoen fortel på engelsk kva sveitte er og kvifor vi sveittar. Du kan få norsk undertekst ved først å trykke på teksting (den kvite firkanten nede i høgre hjørne) og så på tannhjulet. Der vel du omsetjing, omset automatisk, norsk. Stopp videoen mens du ordnar med  innstillingane.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Vi ser bare halve ansiktet til en ung mann som svatter.

Dårleg ande

Mange er plaga av vond lukt frå munnen. Det blir kalla dårleg ande. Den viktigaste årsaka til dette er at munnen produserer for lite spytt. Spesielt om natta. Derfor vaknar vi ofte med vond smak i munnen.

Mellom tennene kan det bli liggande matrestar. Då kan det bli utvikla bakteriar som lagar vond lukt. Når ein er sjuk eller bruker medisinar, kan dette nokre gongar gi dårleg ande.

Nokre tips for å unngå dårleg ande:

  • Puss tennene og tunga godt. Ta gjerne med tannbørste på skulen.
  • Bruk tanntråd for å fjerne matrestar mellom tennene.
  • Et regelmessig, og drikk vatn.
  • Sukkerfri tyggegummi eller pastillar aukar spyttproduksjonen.
  • Røyking og snusing kan gi dårleg ande.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mann lukter på ånden hans

God hygiene gir betre helse

Det er mykje helse i eit stykke såpe. Det å ha god hygiene kan føre til at vi får færre sjukdommar. Under koronapandemien vart vi mykje flinkare til å vaske hendene, og det førte til at vi fekk færre andre sjukdommar.

Verdas helseorganisasjon (WHO) vart oppretta 7. april 1948 og arbeider for å betre helsetilstanden til befolkninga i verda. Datoen er derfor blitt vald til å vere Verdas helsedag.

Kva slags helse ein har, er avhengig av fleire ting. Det kan vere dårleg tilgang på mat, reint vatn, lege og medisinar. Nokre har dårleg helse på grunn av livsstilen sin. Dei får det vi kallar livsstilssjukdommar som fedme, hjartesjukdom eller dårleg pust (kols). Årsaka er ofte røyking, lite trening og usunn mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
jente tar antibach på skolen

Berekraftsmåla til FN

Berekraftsmåla til FN skal gjelde fram mot år 2030 og har som mål å utrydde fattigdom, bekjempe ulikskap og stoppe klimaendringane.

Mål nummer 3: Sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder.

For å nå dette målet har det blitt sett opp nokre delmål. Delmåla handlar blant anna om

  • å redusere spedbarnsdødelegheit i verda
  • å stanse epidemiar slik som korona og sjukdommar
  • å få ned bruken av narkotika, tobakk og alkohol
  • å sikre trygge helsetenester, medisinar og vaksinar
  • å redusere talet på dødsfall og sjukdomstilfelle forårsaka av forureining
  • å støtte forsking om og utvikling av vaksinar og medisinar for sjukdommar som rammar fattige land
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images – Folkehelseinstituttet (FHI)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images – TED-Ed – YouTube
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
Close Icon

Loading...