Heksene si historie

Korleis blei dei beundra gudinnene frå antikken til vondskapsfulle hekser? Kva var årsakene til at kunnskap blei straffa som vondskapsfull verksemd, og kva tenker vi i dag om prosessane som førte til at tusenvis av kvinner, og menn, blei brende levande på bål?

Accessibility icon Heksene si historie

Frå beundra gudinner til vondskapsfulle hekser

I den antikke verda var magi ein viktig del av samfunnet. Det var som regel kvinner som hadde kunnskap om magi og helse. Desse kvinnene var gudinner og blei avbilda saman med kongen. Når kongen gjekk i krig, kunne gudinnene hjelpa til, og kvinner fekk hjelp til fødslar.

I dag blir ei heks vanlegvis framstilt som ei stygg gammal dame. Ho kokar gjerne eit magisk brygg i ein svart kjele. Ei heks er galen og vondskapsfull. Korleis kunne dei vakre og beundra kvinnene bli forvandla til heksene vi snakkar om i dag?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mannskulturar tar over

Forvandlinga kan ha skjedd då indoeuropearar flytte frå Asia til Europa. Den mannsdominerte kulturen deira fokuserte på makt, krigarar og mannlege krigsgudar. Då fekk ikkje dei kvinnelege gudinnene same rolle lenger. Dei blei i staden sett på som trollkjerringar.

Hekser blir skapte i mytane

Den jødiske myten om Lilith fortel om ei kvinne som kidnappa barn når det blei mørkt. Ho var full av demonar, og oppførte seg ganske vilt. Lilith blir òg skildra som kvinna som leidde Adam ut av Paradis-hagen. Ho brukte vondskapen i seg til å skada andre.

Nokre forteljingar har ein lykkeleg slutt. I gresk mytologi forvandlar trollkvinna Kirke Odyssevs’ menn til grisar. Det reddar livet deira. Kirke kunne også gjera seg sjølv usynleg. Med ei magisk rot klarer Odyssevs å gjera Kirke til kona si.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Trollkvinna Lamia åt barn

Ei anna forteljing frå gresk mytologi er om Lamia. Ho var ei vakker dronning som blei forvandla til ei fæl kvinne som åt andre sine barn. Slike historier endra synet på magi. Mange kvinner blei sett på som farlege, og trolldomslære blei forbode.

Grekarane tillét offentleg magi

Grekarane hadde stor respekt for magiens kraft. Magi som blei utført for gudane, blei akseptert av staten. Men fattige kvinner som hadde kunnskap om medisinar og magiske formlar, kunne bli dømde til døden.

Romarane frykta opprør

Den romerske kulturen er sterkt påverka av den greske mytologien. Magi og trolldom var ein del av statsreligionen og blei sett på som viktig for framgang for imperiet. Når kvinner hevda å ha magiske krefter, blei det oppfatta som truande for makteliten i Roma. I frykt for at fattige kvinner med magiske evner skulle starta opprør mot staten, blei dei lyste i bann og forfølgde.

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Heksebrenninga startar

Ein trudde at trolldomskvinner rådde over svart magi som å kalla tilbake dei døde. Dessutan meinte ein at desse kvinnene (og nokre menn) kunne påverka vêret, øydelegga avlingar, utvikla gift og spreia sjukdom. I år 357 blei magi forbode av den romerske keisaren Constantinus. Han meinte at trolldom var ein fiende for menneska. I Roma blei det òg ein tradisjon for å brenna hekser. På denne måten kunne dei romerske herskarane kvitta seg med dei dei ikkje ønskte, gjerne dei som tilhøyrde ein annan religion.

Isis-kulten

Isis var ei egyptisk gudinne. Ho blei sett på som den perfekte kone og mor, men ho var òg guddinne for trolldom. I motsetning til mange andre trolldomskvinner i mytane, var Isis idealet for magiske kvinner. Ho hjelpte både fattig og rik og gjorde gode gjerningar. Isis-kulten eksisterte side om side med den tidlege kristendommen, men han blei utsletta då kristendommen voks.

Hekate – gudinne for heksene

I tidleg gresk mytologi blir det fortalt om Hekate som trolldomsgudinne. Ho blir ofte avbilda med tre hovud for å visa at ho var ein samansett person:  jomfru, mor og heks. Eit bilete av henne blei ofte plassert i døropningar eller ved byportar. Folk trudde at ho heldt det vonde borte. Om ho blei misnøgd, kunne ho sleppa inn vonde ånder.

Hekate – gudinne for heksene (passar best for ungdomstrinnet, på engelsk)

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kristendommen forbyr trolldom

Trolldom og magi var i strid med kristendommen. Ein trudde at djevelen var innblanda. Etter kvart som kristendommen spreidde seg, blei det forbode å dyrka heidenske gudar. På 500-talet blei Isis-tempelet i Roma, som pilegrimar hadde reist til i tusenvis av år, stengt av den kristne keisaren Justinian. Oppfatninga om at trolldomskunnige kvinner samarbeidde med djevelen, voks.

Brent levande på bålet

Mange uskuldige menneske blei brende levande på bålet. I Noreg trur ein at 800 menneske blei dømde for trolldom i perioden 1575–1670, dei fleste kvinner.

Kjelder:

  • Haxor, 2020
    Orage Forlag AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Shutterstock
    4. John William Waterhouse
    5. Getty Images
    6. Shutterstock
    7. Shutterstock
    8. Getty Images
    9. William Blake og Mythology & Fiction Explained – Youtube
    10. Ralph Gardiner
    11. Getty Images