Historia om norsken – frå runer til emojiar

Korleis blei norsk norsk? Og kva er greia med skrivereglar eigentleg?

Accessibility icon Historia om norsken – frå runer til emojiar

Hipp og kul norsk

Når vi snakkar, ønsker vi at nokon skjønar det vi seier. Det er heile poenget med språket. Sånn har det alltid vore. For å få til det, må vi bli einige om nokre felles reglar. Slik er det på fotballbanen og i trafikken òg. Derfor avtalte vi ein gong i tida eit felles system der lydar fekk ei bestemt tyding. Og vips, så hadde vi eit kodesystem kalla talespråk. Men språket må utvikla seg heile tida. Nokre ord forsvinn, andre kjem til.

Bilde av et gammelt manuskript
Bilde av et gammelt manuskript
Runepinner

Språket til vikingane

Dei tidlegaste funna av eit felles språksystem i Noreg er cirka 1500 år gamle. Det var i vikingtida. Då finn vi dei første skriftlege kjeldene. Vi kallar det urnordisk.

Folk snakka heilt sikkert saman før det, men munnleg språk er vanskeleg å dokumentera. Alfabetet bestod av runer som blei rissa inn i blant anna sverd og trepinnar. Det har blitt funne alt frå innhaldsrike sagaer til meir kvardagsleg griseprat.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Norrøn stordomstid

Då norrønt tok over etter urnordisk, hadde Island og Færøyane same språket som Noreg. Då var òg vikingtida på sitt mest suksessrike. Norrønt blanda seg med både engelsk og fransk fordi vikingane reiste så mykje. Visste du at det engelske ordet «bag» har opphav i det norrøne «baggi»? Dessutan har «meat», som betyr ‘kjøtt’, opphav i ordet «mat».

Eggjasteinen med hvit ramme
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Pesten endrar språket

I 1349 gjekk ei rotte i land frå eit skip som låg ved Bergen bryggje. Ho bar med seg ein pestbakterie. Få dagar seinare døydde bergensarane som fluger. Det var byrjinga på svartedauden. Kanskje så mykje som halvparten av befolkninga i Noreg døydde på grunn av svartedauden.

Mange av dei som kunne skriva, døydde i pesten. Dei som voks opp etter epidemiane, tok til å skriva meir slik som dei snakka. Skriftspråket gjekk gjennom endringar og forenklingar. Dette blir kalla den mellomnorske perioden.

Svartedauden trykk
Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Nytt og moderne? Nynorsk!

Fram mot 1500-talet blei norsk språk påverka av det tyske språket på grunn av mykje handel med hanseatane. Noreg var i union med Sverige og Danmark, der Danmark var den dominerande parten. Kyrkja hadde stor makt, og gudstenester og biblar var på dansk.

Noreg var ein svak stat under Danmark heilt fram til 1814. Alle som bestemte over Noreg, var danske. Slik blei det norske skriftspråket fortrengt og med tida erstatta med dansk. Vi fekk dermed eit dansk-norsk språk.

Nordmenn hadde ikkje eit eige skriftspråk, men skreiv på dansk. På byrjinga av 1800-talet blei stadig fleire nordmenn misnøgde med akkurat det. Særleg etter at Noreg blei sjølvstendig i 1814. No hadde vi ingen band til Danmark lenger, og den nasjonale stoltheita voks.

Vi trong eit nytt og eige skriftspråk til å uttrykka oss med. Ivar Aasen tok på seg ansvaret. Han reiste rundt og samla dialektane rundt om i landet til landsmålet – seinare kalla nynorsk. Den moderne norsken.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Bilde av Ivar Aasen
Bilde av Ivar Aasen

To målformer, to frontar

Nynorsk hjelpte oss til å samla og bygga Noregs identitet. Ivar Aasen gjorde eit formidabelt kulturprosjekt. Utan han hadde vi kanskje skrive på dansk enno. Samtidig med nynorskarbeidet jobba andre for å ta vare på den dansk-norske skrivemåten i Noreg. Det blei kalla riksmål og har utvikla seg til det vi i dag kallar bokmål.

Språkarbeidet gjekk altså i to spor, nynorsk og bokmål. Dei kjempa på kvar sin kant for at målforma deira skulle bli det offisielle skriftspråket. Dei to målformene har gradvis nærma seg kvarandre. I dag er dei likestilte – og ganske like.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Skriftspråkene i Norge
Skriftspråkene i Norge

Snakkar du bokmål eller nynorsk?

Nei! Ingen av delane. Du snakkar dialekt. Ein dialekt er det munnlege språket som blir snakka innanfor eitt bestemt område. Når du skriv, bruker du bokmål eller nynorsk.

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Eitt land, mange språk

Du synest kanskje det held med bokmål og nynorsk? Fleire stader i Noreg er samiske språk og kvensk også offisielle språk, i tillegg til norsk. Kvensk er eit minoritetsspråk og har særleg vern, på samme måten som teiknspråk og romani. Teiknspråk blir rekna som eit fullverdig språk i Noreg.

Alle treng heldigvis ikkje å læra alle desse språka. Mangfald er eit kjenneteikn på styrke, også når det gjeld språk. Og Noreg har gode tradisjonar for demokrati og likestilling.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Samisk kultur
Samisk kultur

Ungdommen sitt språk

Bængshot mafakka, erru hypp på å bli skækk elle? 

Språket fortel kvar ein høyrer til, ikkje berre geografisk, men også sosialt og aldersmessig. Vaksne rynkar kanskje på nasen når dei høyrer ungdommeleg slang som ovanfor, men det fungerer som eit stammespråk som skaper tilhøyrsle og identitet.

Språket blir fornya og endra heile tida, i takt med samfunnet. For 100 år sidan var «automobil» eit nyord, og det gjekk raskt inn i språket som «bil».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt som breakdancer
Gutt som breakdancer

Kaos eller mønster?

Ja! Begge delar. Språk har nokre faste reglar som barn lærer seg veldig tidleg. Dei skjønar at verb blir bøygde i tid, og at substantiv har fleirtal og eintal. Takka vera grammatiske reglar kan både barn og forfattarar setja saman setningar som aldri før er laga. Tenk at språket er så uendeleg rikt og kreativt!

Skriftspråket er òg kreativt. Takka vera teknologien har emojiar blitt ein naturleg del av uttrykksforma vår – og ordet har fått norsk bøyingsform. 🧐

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid
En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid

Alltid i endring

Norsk er ein del av den indoeuropeiske språkfamilien. Derfor kan du plutseleg støyta på ord som høyrest norske ut i mange europeiske språk. Dei har eit felles opphav.

Språket vil heile tida ta opp i seg nye ord. Vi bruker både samiske, danske, svenske, arabiske og engelske ord utan at vi er klare over det. Det norske språket blir forma av dei som til kvar tid bruker det. Det er det beste beviset på at språket lever.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Engelsk ordbok
Engelsk ordbok

Kjelder:

  • Venås, Kjell og Nordbø, Børge: moderne norsk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 22. januar 2021 frå
    https://snl.no/moderne_norsk 

Bilet- og videorettar:

    1. Nasjonalbiblioteket
    2. Getty Images / Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen (CC BY-SA 4.0)
    3. Getty Images / Universitetsmuseet i Bergen  (CC BY-SA 4.0)
    4. Getty Images / Hans Holbein den yngre
    5. Carl Christian Wischmann, Oslo Museum
    6. Getty Images / Erik Bolstad (CC BY-SA 3.0)
    7. Getty Images / NRK Skole
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images