Treet som viktig symbol

Treet har gamle symbolske røter i mange kulturar. I norrøn mytologi var verdstreet Yggdrasil viktig. Det symboliserte liv når resten av naturen sov vintersøvnen sin.

Hender som holder et spirende furutre ute i naturen

Grøne vekstar blei viktig pynt

Når vikingane hadde juleblot pynta menneska husa med gran, einer, furu og kristtorn. Dei grøne vekstane skulle verna dei mot vonde ånder. Vikingane trudde at det levde overnaturlege vesen mellom greinene, og dei tok dei inn så dei ikkje skulle frysa om vinteren.

Julekrans lagt på en tre bakgrunn

Tradisjonen med juletre

Tyskarane begynte å pynta juletre allereie på 1500-talet. Det første juletreet som blei pynta i Noreg, var hos ein familie i Christiania i 1822. Dei hadde besøkt nokre slektningar i Tyskland, og sett juletreet der. Dei likte skikken godt og tok han med heim. Få år seinare følgde fleire etter. Tradisjonen med juletreet starta først hos prestar, lærarar og dei rikaste. Etter kvart spreidde tradisjonen seg til heile folket.

Illustrasjon av mor og datter som pynter juletre

Ein heidensk skikk

Ikkje alle såg med blide auge på den nye skikken. Fleire meinte at det var ein heidensk tradisjon som braut med den kristne trua. Andre såg på det grøne treet som eit symbol på evig liv, som er sentralt i kristendommen. Slik blei juletreet ein av dei viktigaste juletradisjonane våre.

Illustrasjon av et juletre som har falt

Det lysande treet

Sidan 1800-talet har treet vore pynta med lys. Lysa skal minna om Jesus som er lyset for verda. Først var det vanleg med stearinlys, men det var brannfarleg.

Elektrisk juletrebelysning kunne ein kjøpa i Amerika frå 1890. Det kvite huset var først ute. Dei hadde eit tre med 100 lys! Dei elektriske lysa var dyre, og dei fleste hadde ikkje råd til dei. Etter 2. verdskrig blei prisen sett ned, og folk kunne byta ut stearinlysa med elektriske lys. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Levende lys på juletre som blir tent på

Og høgt i toppen den blanke stjerna

Det mest vanlege har vore å ha ei stjerne i toppen av treet. Stjerna skal minna om stjerna som skein over stallen i Betlehem, der Jesusbarnet blei fødd. Dei første stjernene blei laga av sølvpapir eller sølvglitter.

Mor med sønn på skuldrene som setter julestjerne på toppen av et juletre

Pynt til å ete

Den eldste juletrepynten var kaker og eple. Søtsaker som nøtter, rosiner eller tørka frukt blei lagd i julekorger laga av papir. 6. juledag kunne ein forsyna seg av den etelege pynten på treet.

Julebakst lagt ut på et tre bord

Juletrepynt

Glitter er også blant den eldste pynten. Det blei brukt i Frankrike allereie på 1500-talet.

Annan pynt som var vanleg å henga på treet var blomstrar av papir, og stjerner og krossar av tinn. Glaskuler og figurar i ulike fasongar blei også populært. Å henga flagg på treet blei etter kvart også vanleg. Noko seinare laga ein fletta korger og papirlenker. Etter kvart som mange fekk betre økonomi, blei meir og meir av julepynten kjøpt.

⬅ Illustrasjon av Dronning Victoria av England, Prins Albert og barnet deira, desember 1848.

Illustrasjon av Dronning Victoria av England, Prince Albert og deres barn, desember 1848.

Livet i juletreet

Når skal ein pynta treet?

I Noreg skulle ein eigentleg pynta treet den 23. desember. Det var eit teikn på at julehøgtida starta. I vår tid har treet blitt pynta stadig tidlegare.

I dag deltek ofte heile familien i pyntinga, men slik har det ikkje alltid vore. På 1800-talet var det vanleg at dei vaksne tok seg av pyntinga. Barna såg ikkje treet før lysa var tende.

To barn som velger ut et juletre

Juletrefest 

Tradisjonen med juletrefest starta i Noreg på midten av 1800-talet. Det var lærarar og prestar som gjorde tradisjonen kjend overalt. Den første kjende juletrefesten var i Studentersamfunnet i Christiania (Oslo) i 1840-åra. På 1900-talet blei det vanleg at nissen dukka opp på festen med godteri eller gåver til barna. 

Juletrefest i 1969

Grana til London

Legenda om kvifor grantreet blei valt til juletre

Gud ville gjerne at menneska skulle ha noko i stua si som minna dei om kvifor me feirar jul. Så han sende ut tre av englane sine for å finna eit tre som kunne passa til det. Englane for Trua, Håpet og Kjærleiken fekk oppgåva. Dei flaug av stad over den snødekte jorda. Det treet eg skal velja, sa engelen for Trua, skal bera  krossmerket.

Engelen for Håpet sa: Eg vil at treet skal ha håpets farge. Det må vera evig grønt og det må aldri visna. Engelen for Kjærleiken meinte at treet måtte verna fuglane og dei små dyra. Det måtte også gi dei mat når vinteren kom. 

Til slutt fann dei treet som passa: grana. Det ber krossar på alle greinene. Det er grønt heile året. Dyr og fuglar kan gøyma seg i det, og det ber konglar.

Då dei hadde funne treet, ville englane gi kvar si gåve: Engelen for Trua gav treet julelys. Engelen for Håpet pynta det med himmelstigar og hjarte. Engelen for Kjærleiken fylte greinene med gåver, og sette ei stjerne i toppen. Alt til minne om Jesus som blei fødd julenatt, og gir kjærleik til alle. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av en familie som går rundt et juletre av Viggo Johansen

Kjelder:

  • Magisk jul (2020)
    Orage Forlag AS
  • Stovner, Ina Louise: juletre i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 6. november 2020 fra https://snl.no/juletre

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. The Webster Museum
    9. NRK Skole
    10. Oslo museum
    11. NRK Skole
    12. Viggo Johansen