Hjelp, eg skal
skrive essay!?

Du sit der med skriveoppgåva framfor deg. «Skriv eit essay …» Lenger rekk du ikkje å lese før du nesten har gitt opp. Den essaysjangeren er så vrien. Du skjønar ikkje heilt kva målet er. Kva tilbyr essaysjangeren som ikkje artikkelsjangeren har? Norsklæraren har jo terpa på analyse, objektivitet og formelt språk til det keisame, og plutseleg skal du liksom miste alle hemningar og vere både personleg, morosam og ironisk. Kva er greia? Det kjennest mest som noko Utdanningsdirektoratet har gjort for å gi elevane eit avbrekk frå analyseskrivinga. Ei velfortent pause. Vel, det avbrekket kjennest ikkje som eit avbrekk for deg.

Ung jente sitter på en krakk med en laptop i fanget og mange spørsmålstegn tegnet inn over hodet.
Ung jente sitter på en krakk med en laptop i fanget og mange spørsmålstegn tegnet inn over hodet.

Fortvil ikkje!
Dette kan gå bra

Men la oss starte med byrjinga. 1500-talet. For essaysjangeren er slett ikkje ein ny sjanger Utdanningsdirektoratet har funne opp for å sprite opp norskundervisninga. Han har lange tradisjonar, og forfattarar har skrive essay i mange hundre år. Han som seinare blei kalla essayets far, den franske forfattaren Michel de Montaigne, skreiv det han omtalte som essay for over 500 år sidan. Tekstane var hans eigne refleksjonar over ulike tema. Montaigne meinte at ein måtte sjå på dei essaya han skreiv, som smaksprøver, og livsmottoet hans var «Kva veit eg?». Den same undrande tilnærminga til livet kan ein overføre til essaysjangeren, der formålet er å reflektere og utforske framfor å konkludere.

📷   Michel de Montaigne
Illustrasjon av den franske filosofen Michel de Montaigne

Essay – dine og andre sine erfaringar

Når vi skriv eit essay, tar vi gjerne utgangspunkt i erfaring. Både eigne og andre sine erfaringar. Montaigne sa ein gong: «Eg skulle ønskje at kvar ville skrive ned det han kjenner til, og ikkje noko anna enn det han kjenner til.» Han meinte at mange forfattarar bygde tekstane sine på ideane, teoriane eller kunnskapen til andre. At dei berre gjentok informasjon som alt fanst. Montaigne var opptatt av at han ikkje framsto som ein som skulle lære andre gjennom tekstane sine, men heller fortalde. Forteljing er altså eit nøkkelord når vi ser på essay som sjanger.

En åpen bok på et skrivebord
En åpen bok på et skrivebord

Kva skil essay frå artikkel?

«Artikkelen er systematisk på jakt etter definisjoner, svar og konklusjoner. Essayet er åpent og søkende, sanselig og reflekterende.» (Bech-Karlsen, 2023)

Sjå for deg at du skal gå deg ein tur. Du veit kva som er målet med turen. Kvar du skal ende, men framfor deg har du to vegar. Begge vegane leier deg til målet. Den eine vegen er heilt rett. Du treng altså berre å gå rett fram for å komme deg til målet. Den andre vegen fører òg til målet, men du må gjennom ein skog, rundt eit vatn, over eit fjell og ned i ein dal.

Dette kan vi overføre til skriving i norskfaget. Artikkelen er den rette vegen. Vi har ei klar oppfatning av kva vi skal fram til, og vi er opptatt av å formidle dette på ein sakleg, objektiv og tydeleg måte. Hensikta vår er å informere. Den andre vegen kan vere eit bilete på essaysjangeren. Her er ikkje målet først og fremst å formidle sakleg og objektiv informasjon. Hensikta er å utforske eit tema og ta lesaren med på denne reisa. Gjerne frå ulike vinklar og perspektiv.

Språket kan være leikent og personleg. Essayet er ein møtestad mellom det saklege og det personlege. Ein må altså passe på at det personlege ikkje erstattar det saklege. Vi kan fint vere personlege og likevel halde oss saklege.

I eit essay skal ein undre seg framfor å konkludere. Lesaren får bli med på denne reisa i eit bestemt tema og blir invitert til å reflektere saman med forfattaren.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av tastaturet på en mac og en sort skjerm
Nærbilde av tastaturet på en mac og en sort skjerm

Essay – ei vandring i eit tema

Vi kan altså sjå på essay som ei vandring i eit tema. Men denne vandringa er ikkje spontan og tilfeldig. Sidespranga må vere gjennomtenkte, og vi må sørgje for at det er ein raud tråd frå start til slutt. Den raude tråden er jo temaet eller emnet vi har bestemt oss for å utforske. Vi kan gjerne la tankane vandre, men utan at vi lèt oss avspore frå å skildre/forklare ulike sider ved det temaet vi har å skrive om.

En rød tråd som ligger som en krussedull på et bord
En rød tråd som ligger som en krussedull på et bord

18 år og essayist!?

Du synest kanskje at det er litt veldig at du skal skrive tekstar som byggjer på dine og andre sine erfaringar i ein alder av 18 år. Kvifor skal du det? Det enkle svaret er at læreplanen pålegg norske elevar å trene på essaysjangeren. Å sjå på det som ein læringsprosess er ein annan inngang. Tenk at du no skal lære meir om eit emne, og at essayskrivinga er ein arbeidsmåte der du får høve til å utforske og undersøkje eit spennande tema. Gjennom skrivinga tileignar du deg ny kunnskap og nye tankar og erfaringar.

 

Å skrive gode essay er ein kunst! Somme elevar synest essaysjangeren er heilt topp, andre likar betre den stramme, analytiske strukturen ein finn i ein fagartikkel. Læreplanen legg opp til at vi skal trene på begge sjangrane, og med litt trening og god sjangerforståing meistrar dei aller fleste elevane dei to sjangrane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tenåring sitter foran en pc mens han noterer i en skrivebok
Tenåring sitter foran en pc mens han noterer i en skrivebok

Stol på deg sjølv!

«Essayet inviterer til samtale; det gjer lesaren til deltakar og reisefølgje på oppdagingsreisa til essayisten.» Når du skriv essay, deler du tankane, opplevingane og refleksjonane dine med lesaren.

Det er nettopp det som gjer essayet så personleg i forma.

 

Ikkje alle synest det er komfortabelt å invitere andre menneske inn i eiga tankeverd. Du må faktisk stole på deg sjølv og på at tankane dine om eit tema kan ha verdi for andre.

Og du! Ordet essay er fransk og kan direkte omsetjast til «forsøk». Så ikkje la ordet «essay» gi deg bakoversveis og kalde føter. Gi det heller eit forsøk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung gutt jobber på pc og ser tankefull ut
Ung gutt jobber på pc og ser tankefull ut

Kjelder:

  • Bech-Karlsen, Jo: Essayskriving for begynnere (2003)
    Universitetsforlaget.
  • Hamm, Christine: essay i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 9. november 2023 fra https://snl.no/essay

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Freepik
    5. Freepik
    6. Freepik
    7. Freepik