Kva er hormon?

Hormon er bitte små beskjedar som blir sende rundt i kroppen saman med blodet. Det er hjernen som gir beskjed til hormonfabrikkane som du har rundt omkring i kroppen, om at tida er inne. No kan dei byrje å jobbe. 

Kroppen har mange ulike hormonfabrikkar. Det blir laga hormon i hjernen, nyrene, binyrene, skjoldbruskkjertelen og ikkje minst … i kjønnsorgana. 

Dei hormonfabrikkane som lagar kjønnshormon, blir veldig aktive i puberteten. Det startar i hjernen, som gir beskjed til testiklane og eggstokkane om at festen kan starte.

Illustrasjon av et hormon
Illustrasjon av et hormon

Sjefen som startar festen!

Sjefen som startar festen, har eit ikkje fullt så festleg namn: Gonadotropin-frigjerande hormon. Vi kallar det berre GnRH. Du kan tenkje på GnRH som den kule, vennen som «hostar» ein hemmeleg fest mens foreldra er borte. 

Denne feststartaren vaknar opp i den delen av hjernen din som blir kalla hypothalamus. Han går  til ein liten, viktig «meisterkjertel» som heiter hypofysen, og fortel at det er på tide å få festen i gang! Hypofysen gir ordre til hormona LH og FSH om å planleggje det som skal skje.

Illustrasjon av en hjerne som feirer
Illustrasjon av en hjerne som feirer

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...