Teorien om tyngdekrafta

Viss du slepper eit eple, fell det ned på bakken. Kvifor svevar det ikkje berre av garde? Og kvifor fell det nedover og ikkje oppover? Det kjem av ei kraft som er til stades overalt i universet: tyngdekrafta.

Forskaren Isaac Newton var den første som fann ut av korleis tyngdekrafta verkar. Det seiest at han såg eit eple falle frå epletreet i hagen, mens månen lyste opp på himmelen over. Då skjønte han at krafta som fekk eplet til å falle, kunne vere den same som fekk månen til å gå i bane rundt jorda.

Fysikaren Selda Ekiz forklarer naturlova om tyngdekrafta i programmet Newton på NRK. Dette programmet er faktisk oppkalt etter Isaac Newton.

 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isaac Newton holder et rødt eple og ser opp på treet

Boka til Newton

I 1687 ga Newton ut ei bok som inneheldt teorien hans om tyngdekrafta. Boka heitte Philosophiae Naturalis Principia – læra om prinsippa i naturen. I hundrevis av år etterpå vart all utvikling innan fysikk og astronomi bygd på denne teorien. Derfor er denne boka eit av dei viktigaste verka i historia.

Forside av Isaac Newtons bok
Forside av Isaac Newtons bok

Kven var Isaac Newton?

Isaac Newton vart fødd på ein gard i England den 4. januar 1643. Han vaks opp med bestemora si, før han begynte på universitetet i Cambridge i England. Først studerte han jus, men så fann han ut at han likte matematikk og fysikk betre.

Newton fortsette med å studere naturen i mange år etterpå, og han skrev fleire kjende bøker om fysikk. I tillegg til lova om tyngdekraft, fann han ut korleis ein kan rekne ut  størrelsen på planetar og månar, og  korleis kvitt lys eigentlig består av alle fargane i regnbogen. Han utvikla også eit spesielt teleskop, som gjorde det enkelt for folk verda over å observere stjernene.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Portrett av Issac Newton av Jean-Leon Huens
Portrett av Issac Newton av Jean-Leon Huens

Isaac Newton vert ofte kalla den moderne fysikkens far. Arbeidet hans la grunnlaget for mange andre kjende teoriar i hundrevis av år framover.

Fysikaren Albert Einstein bygde vidare på læra til Newton då han utforma relativitetsteorien sin.

Portrett av Isaac Newton
Portrett av Isaac Newton

Fem fakta om Isaac Newton 

1. Truande

Sjølv om han er mest kjend for vitskapen sin, var Newton veldig oppteken av tru.

2. Adeleg

Newton fekk ein adeleg tittel i 1705 for det vitskapelege arbeidet sitt. Derfor kallar dei han sir Isaac Newton på engelsk.

3. Myntekspert

Newton jobba ved det kongelige myntverket i London, og strevde mykje med folk som lagde falske pengar. Mens han var sjef der, vart 28 falskmyntnarar fakka og tiltalte.

4. Dommedag

Newton prøvde å bruke matematikk til å forutsjå når bibelens «dommedag» kom til å skje. Han rekna ut at jorda ville gå under i år 2060.

5. Forgifta av kvikksølv?

Etter at Newton døydde i 1727, fann ein mykje kvikksølv i håret hans. Kvikksølv er svært giftig, og det kan vere mogleg at Newton døydde fordi han eksperimenterte med stoffet. På denne tida prøvde nemleg mange å lage gull av kvikksølv.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Historie Junior (2015)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Jean-Leon Huens, 1884
    4. Getty Images
    5. Getty Images