Isbrear og isfjell 

Der det er veldig kaldt, finn ein store isflater som blir kalla isbrear. Dei blir til når snøen som fell ikkje smeltar i løpet av året. Etter mange år blir snølaga pressa saman til enorme, tjukke ismassar. Breane bevegar seg i landskapet, nesten som kjempetrege elvar. Dei sig nedover fjelldalar, over sletter eller utover i havet. Der isbreen møter havet, blir det ei tjukk, flytande plattform. Dette blir kalla ein isbrem. Etter kvart som isen sakte blir skuva ut mot havet, brekk det av bitar som flyt av garde. Desse store bitane kallar vi isfjell.

Isfjell, Antarktis

Største isbre

Lambertbreen i Aust-Antarktis er verdas største isbre. Han er 14 millionar kvadratkilometer. Det er stort at heile Noreg kunne fått plass 36 gongar. 

Isdekke 

Cirka 10 prosent av jordoverflata er dekt av is.

Ferskvasslager

Isbreane rommar 70–80 prosent av alt ferskvatnet jorda. 

 

Breland 

47 land i verda har isbrear. 

 

Kvar? 

Store delar av isbreane i verda ligg i Antarktis og Grønland. Men det finst isbrear høgt oppe i fjella alle kontinent, til og med i Afrika. 

 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Isbre, Island
Isbre, Island

Kalving  

Når is brekk laus frå kanten av ein isbre eller ein isbrem, seier vi at isen kalvar. Isen som brekk laus og flyt av garde, blir kalla isfjell. Isklumpane smell og buldrar når dei losnar. Dei største isfjella kan vere 60 meter ge og fleire kilometer lange. Kalvinga kan føre til store, farlege bølgjer som kan velte svære skip. 

Du ser berre ein liten del av isfjellet over vassflata. 

Over vassflata

Til vanleg ligg 1/5 av eit isfjell over vassflata. Denne delen består av snø og er ikkje særleg kompakt. 

Under vassflata

Isen i den kalde kjernen er veldig kompakt (og derfor ganske tung) og held 4/5 av isfjellet under vatn. 

Ferskvatn

Isbrear (og difor òg isfjell) er laga av snø, som er ferskvatn. Difor består isfjell av ferskvatn og ikkje saltvatn. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Isfjell over og under vann
Isfjell over og under vann

Isbre i Noreg 

Jostedalsbreen er med sine 487 kvadratkilometer den største fastlandsisbreen i Noreg.

Jostedalsbreen, Norge
Jostedalsbreen, Norge

Isbre som smeltar 

Studiar og forsking viser at breane Svalbard og Antarktisk smeltar og blir mindre. Dette kjem først og fremst av at klimaet har blitt litt varmare dei siste 100 åra. Forskarar meiner at nedsmelting av isbrear vil gi store havnivåendringar. Dei har rekna ut at havet kan stige med opptil ein meter langs kysten av Noreg i løpet av dei neste 100 åra. 

Fugleperspektiv av Isfjell
Fugleperspektiv av Isfjell

Elevar intervjuar isbreekspert

Kjelder:

  • Junior vitenskap (2018)
    Orage Forlag AS
  • Vår fantastiske planet (2017)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images