Isbrear og isfjell
Der det er veldig kaldt, finn ein store isflater som blir kalla isbrear. Dei blir til når snøen som fell ikkje smeltar i løpet av året. Etter mange år blir snølaga pressa saman til enorme ismassar. Breane bevegar seg i landskapet, nesten som kjempetrege elvar. Dei sig nedover dalar, over sletter eller utover i havet. Der isbreen møter havet, blir det ei tjukk, flytande plattform. Dette blir kalla ein isbrem. Etter kvart som isen sakte blir skuva ut mot havet, brekk det av bitar som flyt av garde. Desse store bitane kallar vi isfjell.
Isbre, Island
Kalving
Når is brekk laus frå kanten av ein isbre, seier vi at isen kalvar. Isen som brekk laus og flyt av garde, blir kalla isfjell. Isklumpane smell og buldrar når dei losnar. Dei største isfjella kan vere 60 meter høge og fleire kilometer lange. Kalvinga kan føre til store, farlege bølgjer som kan velte svære skip.
Isfjell over og under vann
Isbre i Noreg
Jostedalsbreen er med sine 487 kvadratkilometer den største fastlandsisbreen i Noreg.
Jostedalsbreen, Norge
Isbre som smeltar
Forsking viser at breane på Svalbard og Antarktisk smeltar og blir mindre. Dette kjem først og fremst av at klimaet har blitt litt varmare dei siste 100 åra. Forskarar meiner at nedsmelting av isbrear vil gi store endringar på havnivået. Dei trur at havet kan stige med opptil ein meter langs kysten av Noreg i løpet av dei neste 100 åra.
Fugleperspektiv av Isfjell
Elevar intervjuar isbreekspert
Kjelder:
- Junior vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
- Vår fantastiske planet (2017)
Orage Forlag AS
- Det arktiske system (15.05.2020): Isbreene smelter og trekker seg tilbake
http://www.arcticsystem.no/no/outsideworld/glaciers/glaciers-melting.html
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-