Joiken til samane

Joiken til samane er ein viktig kulturarv. Men kva er eigentleg joik?

Accessibility icon Joiken til samane

Joik – ei tradisjonell samisk musikkform 

Joiken til samane er blant dei eldste folkemusikkformene i Europa. Joik er ein viktig del av kulturen til samane. Tradisjonelt er samiske forteljingar overførte munnleg frå ein generasjon til den neste. Joik er derfor både forteljing og musikk.

Joik er framleis ein viktig munnleg forteljarkunst. Tradisjonelt blir det ikkje brukt instrument til joiken. På samisk heiter å joika juoigat. 

Joik og religionen

Frå gammalt av brukte sjamanen joik saman med runebommen under religiøse seremoniar. Ofte inneheldt desse joikane epos. Eposa kunne fortelja ei heil livshistorie eller om livet til ein siida gjennom generasjonar. Dei kunne òg handla om eldgamle segner.

📷 Ein runebomme med motivstruktur av sørsamisk type.

Kjenneteikn ved joiken 

Den spesielle stemmebruken er eit av kjenneteikna ved joik. Melodien, rytmen og takten i joiken er andre kjenneteikn. Joikmelodien går i ein sirkel, og han er ikkje delt inn i vers som i vanlege songar. Vi kan derfor seia at joik aldri tar slutt. 

Joiken skal innehalda namnet til den eller det joiken handlar om. Han, ho eller det blir omtala med en joikemelodi. Det blir joika ulikt på nordsamisk og sørsamisk. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å joika nokon 

Det er vanleg å seia at ein joikar ein person, eit dyr eller eit landskap. Ein seier ikkje at ein joikar om noko eller nokon. Ein joikar nokon eller noko. 

Personjoik 

Det er ei ære å få sin eigen joik. Han har ofte blitt gitt som gåve, for eksempel til dåp og konfirmasjon. Rytmen og melodien fortel mykje om personlegdommen og eigenskapane ved personen det blir joika om. 

Joiken skildrar vanlegvis berre positive trekk ved personen. Personjoik kan òg brukast for å minnast nokon eller for å æra nokon. Kong Olav fekk sin eigen joik ved opninga av Sametinget i 1989. Kong Harald og dronning Sonja har også fått sine joikar.

Joik kan òg brukast til flørting. Å få ein flørtejoik er det same som å få eit kompliment. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Dyrejoik og landskapsjoik 

Dyr kan òg få sin eigen joik. Melodien skildrar særtrekk ved eit dyr, som storleiken og rørslene til dyret. Joiken kan brukast til å oppmuntra dyr, som for eksempel gjetarhundar, til å vera flinke, og til å få køyrereinen til å springa fortare.

Ein landskapsjoik, eller naturjoik, kan skildra ei årstid, reinbeite eller for eksempel eit fjell. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Joik som protest 

Nokre joikar handlar om det samane blei utsette for under koloniseringa og misjoneringa, frå rundt 1500-talet til byrjinga av 1900-talet. Sjølv om embetsmenn og misjonærar kunne noko samisk, var desse protestane vovne inn med ord og uttrykk som dei ikkje kunne. Dei kunne forstå joiken, men ikkje bodskapen. 

Joik er kulturarv 

Joik blei forbode då samane blei kristna. Ikkje-samar meinte at joik var synd. I mange område forsvann joiken heilt. Joik er ein gammal samisk kulturarv som det er viktig å føra vidare. Dei som ikkje kan læra joik heime, lærer det ofte på skulen eller på kurs. 

Joikekurs med Berit Alette Mienna
Joikekurs med Berit Alette Mienna

Den moderne joiken 

I dag er det ei ny interesse for joik. Han inspirerer ulike musikksjangerar og ulike aldersgrupper. Joik kan oftare høyrast på radio eller sjåast på TV, som i «Stjernekamp» eller under Spellemannsprisen på NRK. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Gaski, Harald; Ledang, Ola Kai; Aksdal, Bjørn: joik Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/joik

Bilet- og videorettar:

    1. Jørn Pettersen / Riksarkivet 
    2. Åge Hojem / NTNU Vitenskapsmuseet (CC BY 2.0)
    3. Getty Images / NRK Skole
    4. Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
    5. Getty Images / Per Steinar Lyngstad – YouTube
    6. Ukjent
    7. Daniel Skog / Riddu Riđđu
    8. Tore Sætre (CC BY-SA 4.0) / NRK – YouTube