Julefeiring blir populært
Den romerske julefeiringa oppstod rundt år 350. Ho blei populær og spreidde seg raskt i løpet av mellomalderen. Paven i Roma bestemde at dei gamle heidenske tradisjonane skulle bli erstatta med kristent innhald. På 800-talet fekk julehøgtida si eiga gudsteneste – julegudstenesta.

Farget glass i Tyska kyrkan i Gamla Stan, Stockholm
Kristen julefeiring kjem til Noreg
Det skulle ta fleire hundre år frå julefeiringa oppstod i Roma til ho nådde Noreg og Norden.
Rundt år 930 forsøkte Håkon den gode å innføra kristen julefeiring i Noreg. Håkon den gode vaks opp i England og var kristen. Det tok litt tid å venja seg til den nye religionen og høgtida her i nord. Mange ville fortsetja med den norrøne feiringa av jól. Rundt år 1000 blei landet kristna, og den nye feiringa erstatta det tradisjonelle jólablót.

Illustrasjon, Christian Krogh, Håkon den godes saga, Heimskringla (1899)
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!