Julefeiring blir populært

Den romerske julefeiringa oppstod rundt år 350. Ho blei populær og spreidde seg raskt i løpet av mellomalderen. Paven i Roma bestemde at dei gamle heidenske tradisjonane skulle bli erstatta med kristent innhald. På 800-talet fekk julehøgtida si eiga gudsteneste – julegudstenesta.

Farget glass i Tyska kyrkan i Gamla Stan, Stockholm

Kristen julefeiring kjem til Noreg

Rundt år 930 forsøkte Håkon «den gode» å innføra kristen julefeiring i Noreg. Håkon den gode vaks opp i England og var kristen. Det tok litt tid å venja seg til den nye religionen og høgtida her i nord. Mange ville fortsetja med den norrøne feiringa av jól. Rundt år 1000 blei landet kristna, og den nye feiringa erstatta det tradisjonelle jólablót.

Illustrasjon, Christian Krogh, Håkon den godes saga,  Heimskringla  (1899)

Jul i mellomalderen

Å bryggja øl til jul var framleis viktig, men no var det ikkje lenger til ære for Odin og Tor, men for Kristus og Maria.

Ein viktig bodskap i jula er å vera snill mot andre. Det blei vanleg å gje gåver til dei fattige. Dei bytte også ut graut med kjøt og fisk i juletida. Du har kanskje høyrt om Boxing day, som er ein britisk tradisjon? Det handlar nettopp om å leggja gåver til dei fattige i ein boks.

Illustrasjon av øl på en tre bakgrunn

Nye og gamle tradisjonar

Det blei vanleg å pynta huset med grøne plantar, som til dømes kristtorn. Advent kom inn som ein ny tradisjon. Det gjorde også julemesser i kyrkja. Songar om Jesu fødsel blei populære. Mange trudde at fjøsnissen passa på garden. Tradisjonane om han fortsette.

Julekrans lagt på en tre bakgrunn

Reformasjonen kunne ha avslutta jula

Under reformasjonen var det fleire som meinte at jula måtte avskaffast. Det stod ingenting om ho i Bibelen.

Dyrking av helgenar blei forbode. Helgenar var personar som hadde gjort gode gjerningar. Presten slutta å preika på latin, som dei fleste ikkje forstod. Bibelen blei omsett til morsmålet til folket.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Martin Luther i Wittenberg, Tyskland

Nye juletradisjonar på 1800-talet

Mange nye juletradisjonar kom til Noreg i løpet av 1800-talet. Ofte starta desse tradisjonane først hos dei rike, men etter kvart blei dei vanlege i heile befolkninga. Juletreet er eit døme. Julegåver var ikkje heilt nytt, men hadde tidlegare vore berre for dei vaksne. No fekk også barna gåver. Gåvene var vanlegvis praktiske ting, som klede og sko. Den «nye» nissen i raud drakt, som kom med gåver, blei veldig populær. Mot slutten av hundreåret blei julekort ein viktig tradisjon.

Illustrasjon av mor og datter som pynter juletre

Dei fattige og jula på 1800-talet

På 1800-talet flytta mange menneske inn til byane for å jobba i dei nye fabrikkane. Mange levde under svært fattigslege og vanskelege forhold.  Frelsesarmeen, som oppstod i England på denne tida, hjelpte dei fattige. Frelsesarmeen samlar framleis inn pengar til dei som treng det mest. Du har kanskje putta pengar i ei av julegrytene deira?

Chicago, Julenisse i 1902

Alternativ jul

Alternativ jul er eit gratis arrangement som starta i 1969. Ordninga starta i Oslo, men ho finst no i mange av byane i landet. Fattige, einsame, rusmisbrukarar og heimlause blir inviterte til julefeiring. Arrangementet er ope for alle.

Mann som gir penger til julegryta til Frelsesarmeen på Egertorget

Hitler ville forandra jula

Hitler og nazistane likte ikkje den tradisjonelle julefeiringa. Å feira Jesusbarnet, som var jøde, passa ikkje inn under 2. verdskrig. Dei ville at høgtida skulle bli slik som ho var i norrøn tid. I Noreg blei det forbud med raud lue. Raudt var eit symbol på fridom. Nordmenn fortsette å feira tradisjonell jul i hemmelegheit.

Julekort under krigen

Stadig høgare pengeforbruk i jula

Nordmenn brukar kvart år store pengesummar på julefeiringa. Pengesummen har vakse frå år til år. I 2019 brukte me i gjennomsnitt 10 700 kroner på julegåver, julemat, klede og pynt til høgtida. Kor mange ting treng ein eigentleg? Kanskje ein også bør tenkja på kva juletida faktisk handlar om.

Illustrasjon av julegaver på en tre bakgrunn
Gammelt postkort bakgrunn uten tekst

Kjelder:

  • Historien om Jesus og hans samtid (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Christian Krogh
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Chicago Daily News
    8. Skjefstad (CC BY–SA 4.0)
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. MatPrat – YouTube