Julefeiring blir populært

Den romerske julefeiringa oppstod rundt år 350. Ho blei populær og spreidde seg raskt i løpet av mellomalderen. Paven i Roma bestemde at dei gamle heidenske tradisjonane skulle bli erstatta med kristent innhald. På 800-talet fekk julehøgtida si eiga gudsteneste – julegudstenesta.

Farget glass i Tyska kyrkan i Gamla Stan, Stockholm

Kristen julefeiring kjem til Noreg

Det skulle ta fleire hundre år frå julefeiringa oppstod i Roma til ho nådde Noreg og Norden.

Rundt år 930 forsøkte Håkon «den gode» å innføra kristen julefeiring i Noreg. Håkon den gode vaks opp i England og var kristen. Det tok litt tid å venja seg til den nye religionen og høgtida her i nord. Mange ville fortsetja med den norrøne feiringa av jól. Rundt år 1000 blei landet kristna, og den nye feiringa erstatta det tradisjonelle jólablót.

Illustrasjon, Christian Krogh, Håkon den godes saga,  Heimskringla  (1899)

Jul i mellomalderen

Fleire av dei heidenske tradisjonane fortsette, men no i ei kristen drakt. Å bryggja øl til jul var framleis viktig, men no var det ikkje lenger til ære for Odin og Tor, men for Kristus og Maria.

Ein viktig bodskap i jula er å vera snill mot andre. Det blei vanleg å gje gåver til dei fattige. Slik kunne dei også byta ut graut med kjøt og fisk i juletida. Du har kanskje høyrt om Boxing day, som er ein britisk tradisjon? Det handlar nettopp om å leggja gåver til dei fattige i ein boks.

Illustrasjon av øl på en tre bakgrunn

Nye og gamle tradisjonar

Det blei vanleg å pynta huset med grønt, som til dømes kristtorn. Advent kom inn som ein ny tradisjon. Det gjorde også julemesser i kyrkja. Songar om Jesu fødsel blei populære.

Nissen var ein gammal tradisjon som fortsette. Nissen, eller fjøsnissen, skulle passa på dyra på garden og jaga bort vonde ånder.

Julekrans lagt på en tre bakgrunn

Reformasjonen kunne ha avslutta jula

Under reformasjonen meinte kalvinistane at julefeiringa skulle avskaffast. Grunnen til det var at det ikkje står noko i Bibelen om den forma for julefeiring som då hadde blitt vanleg.

⬅  Martin Luther, som la grunnlaget for den protestantiske kyrkja, meinte at feiringa kunne fortsetja, men med nokre endringar. 

Dyrking av helgenar blei forbode. Preika til presten blei framført på morsmålet, ikkje på latin som hadde vore vanleg tidlegare. Også Bibelen og salmane blei omsett til morsmålet til folket. Mange tradisjonar fortsette som før.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Statue av Martin Luther i Wittenberg, Tyskland

Nye juletradisjonar på 1800-talet

Mange nye juletradisjonar kom til Noreg i løpet av 1800-talet. Ofte starta desse tradisjonane først hos dei velståande, men etter kvart blei dei vanlege i heile befolkninga. Juletreet er eit døme. Julegåver var ikkje heilt nytt, men hadde tidlegare vore kun for dei vaksne. No fekk også barna gåver. Gåvene var vanlegvis praktiske ting, som klede og sko. I tillegg til den tradisjonelle fjøsnissen blei den «nye» nissen i raud drakt, som kom med gåver, populær.

Småkaker kom etter kvart inn som eit bidrag til julekosen. Mot slutten av hundreåret blei julekort ein viktig tradisjon.

Illustrasjon av mor og datter som pynter juletre

Dei fattige og jula på 1800-talet

På 1800-talet flytta mange menneske inn til byane for å jobba i dei nye fabrikkane. Mange levde under svært fattigslege og vanskelege forhold. Den trygge storfamilien frå landsbygda var langt unna. Charles Dickens skreiv om julefeiringa på midten av 1800-talet. Han skreiv mellom anna at jula er for dei rike og velståande. Frelsesarmeen, som oppstod i England på denne tida, hjelpte dei fattige. Tradisjonen til Frelsesarmeen med julegryta som ei innsamling for dei som har det vanskeleg, er ein tradisjon som er viktig også i dag.

Chicago, Julenisse i 1902

Alternativ jul

Alternativ jul er eit gratis arrangement som starta i 1969. Ordninga starta i Oslo, men ho finst no i mange av byane i landet. Fattige, rusmisbrukarar og heimlause blir inviterte til julefeiring. Også mange einsame som ikkje har familie å feira jul med, deltek på Alternativ jul. Arrangementet er ope for alle.

Mann som gir penger til julegryta til Frelsesarmeen på Egertorget

Hitler ville forandra jula

Hitler og nazistane likte ikkje den tradisjonelle julefeiringa. Å feira Jesusbarnet, som var jøde, syntest dei ikkje passa under 2. verdskrig. Dei ville endra høgtida til julefest med heidensk og nazistisk symbolikk. I Noreg blei det norske flagget forbode, og det blei også forbod mot raud lue til julenissen. Raudt var eit symbol på fridom. Desse forboda blei dårleg motteke, og nordmenn fortsette å feira den tradisjonalle jula si, lov eller ikkje lov.

Julekort under krigen

Stadig høgare pengeforbruk i jula

Nordmenn brukar kvart år store pengesummar på julefeiringa, og pengesummen har vakse frå år til år. I 2019 brukte gjennomsnittsnordmannen 10 700 kroner på julegåver, julemat, klede og pynt til høgtida. Det kan Statistisk sentralbyrå fortelja. Kor mykje pengar ein vil bruka på julefeiring er opp til kvar enkelt, men kanskje ein også bør tenkja på hva juletida eigentleg er tenkt til? Og kor mange ting treng ein eigentleg?

Illustrasjon av julegaver på en tre bakgrunn
Gammelt postkort bakgrunn uten tekst

Kjelder:

  • Historien om Jesus og hans samtid (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Christian Krogh
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Chicago Daily News
    8. Skjefstad (CC BY–SA 4.0)
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. MatPrat – YouTube