Julefeiring blir populært
Romarane feira jul frå år 350. Jula blei veldig populær i løpet av mellomalderen. Paven i Roma bestemde at jula skulle vera ei kristen høgtid. Ho skulle ikkje vera slik som vikingane hadde feira jul.
Farget glass i Tyska kyrkan i Gamla Stan, Stockholm
Kristen julefeiring kjem til Noreg
Håkon den gode innførte den kristne julefeiringa i Noreg på 900-talet. Det tok lang tid å forandra julefeiringa. Mange ville fortsetja med den norrøne feiringa av jól.
Illustrasjon, Christian Krogh, Håkon den godes saga, Heimskringla (1899)
Jul i mellomalderen
Ein viktig bodskap i jula er å vera snill mot andre. Det blei vanleg å gje gåver og mat til dei fattige. Du har kanskje høyrt om Boxing Day, som er ein engelsk tradisjon? Det handlar om å leggja gåver til dei fattige i ein boks.
Illustrasjon av øl på en tre bakgrunn
Nye og gamle tradisjonar
Det blei vanleg å pynta huset med gran, furu og kristtorn. Advent blei ein ny tradisjon. Det gjorde også julegudstenester i kyrkja. Songar om Jesubarnet blei populære. Det same var fjøsnissen som passa på garden.
Julekrans lagt på en tre bakgrunn
Statue av Martin Luther i Wittenberg, Tyskland
Nye juletradisjonar
Mange nye juletradisjonar kom til Noreg i løpet av 1800-talet. Dei starta først hos dei rike. Etter kvart følgde andre etter. Juletreet er eitt døme. Julegåver var tidlegare berre for dei vaksne. No fekk også barna gåver. Gåvene var ofte praktiske ting, som klede og sko. Julekort blei også ein viktig tradisjon.
Dei fattige og jula på 1800-talet
På 1800-talet var det mange fattige som jobba i byane. Dei hadde det veldig dårleg. Frelsesarmeen, som oppstod i England på denne tida, hjelpte dei fattige. Frelsesarmeen samlar framleis inn pengar til dei som treng det mest. Du har kanskje putta pengar i ei av julegrytene deira?
Chicago, Julenisse i 1902
Alternativ jul
Alternativ jul er eit gratis arrangement i fleire byar. Fattige, einsame, rusmisbrukarar og heimlause blir inviterte til julefeiring.
Hitler ville forandra jula
Adolf Hitler likte ikkje julefeiringa under 2. verdskrig. Jesus var jo jøde, og det likte han ikkje. I Noreg blei det forbod mot raud lue. Raudt var eit symbol på fridom. Nordmenn fortsette å feira jul i hemmelegheit.
Julekort under krigen
Stadig høgare pengeforbruk i jula
Nordmenn brukar mange pengar på jul. Me brukar meir og meir. I 2019 brukte me i gjennomsnitt 10 700 kroner på julegåver, julemat og julepynt. Kor mange ting treng ein egentleg? Kanskje me også bør tenkja på kva juletida faktisk handlar om.
Illustrasjon av julegaver på en tre bakgrunn
Gammelt postkort bakgrunn uten tekst
Kjelder:
- Historien om Jesus og hans samtid (2020)
Orage Forlag AS
- uit.no (11.11.2020): Når begynte nordmenn å feire jul?
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=398207
- Forskning.no (11.11.2020): Gleðileg jól
https://forskning.no/jul-sprak/gleileg-jl/945493
- human.no (11.11.2020): Juletradisjoner og julens historie
https://human.no/artikler/jul-og-julefeiring/julens-historie/
- historienet.no (11.11.2020): Vikingenes jul var preget av alkohol
https://historienet.no/sivilisasjoner/vikinger/vikingenes-jul-var-preget-av-alkohol
- imperiumromanum.edu.pl (11.11.2020):
https://www.imperiumromanum.edu.pl/en/roman-religion/gods-of-ancient-rome/list-of-roman-gods/sol-invictus/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Christian Krogh
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Chicago Daily News
-
Skjefstad (CC BY–SA 4.0)
-
Ukjent
-
Getty Images
-
MatPrat – YouTube
-