Julekortet blir ein tradisjon

Tradisjonen med å ønskje kvarandre god jul går langt tilbake i tid. Det var mest vanleg å levere ei helsing munnleg. Så dukka ideen om julekortet opp.

Gammelt julekort
Gammelt julekort

Det første julekortet

Det var Henry Cole frå Storbritannia som kom på ideen med julekort. Dette gjorde han på begynnelsen av 1800-talet. Han fekk hjelp av ein kunstnar til å teikne julekort. Fleire av korta sende han til venner og familie. Resten selde han.

Det første julekortet viser ein familie som sit rundt eit bord. På kortet står det A Merry Christmas and a Happy New Year. Slike kort leverte ein personleg som ei gåve.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley

Julekorta blei sende i posten

Det første norske julekortet kunne kjøpast i 1883. Det vart så populært at Posten måtte tilsetje nye folk for å få unna all juleposten.

I dei første hundre åra var det billig å sende julekort. Ein skreiv berre God jul og godt nyttår. Det var ikkje alle som kunne skrive like godt den gongen. Det var talet på ord som bestemte portoen (kva ein skal betale for å sende eit kort). Seinare vart det vekta som bestemte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt julekort
Gammelt julekort
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Julekort under krigen
Julekort under krigen
Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917
Ronald Reagan med familie på et julekort rundt 1916-1917
Gammelt julekort
Gammelt julekort

Julemotiv frå andre land

Julekort blir sende i alle land, men motiva er veldig ulike. I Australia er store kvite saueflokkar eit vanleg motiv. I Mexico blir ofte julestjerna brukt.

I Asia bruker dei mykje blomstrar og palmar, men også elefantar!

Juletreet som motiv er vanleg over alt.

Tre julekort utstilt på en hylle
Tre julekort utstilt på en hylle
4 tenåringsjenter i bursdag
4 tenåringsjenter i bursdag

Frå julekort til julebrev

Fleire og fleire skriv julebrev. Julebrev er ein amerikansk tradisjon. I julebrevet blir det fortalt om hyggelege hendingar frå året som har gått.

Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet
Dame som skriver et brev til julenissen med juledekorasjoner rundt på bordet

Masseproduserte brev

I starten var det vanleg å skrive julebrev for hand. Etter kvart begynte folk å skrive på PC. Det er gjerne den same teksten som blir brukt til alle som får brevet.

Brevbunke
Brevbunke

Brev- og kortskrivingsritual

Skriving av julekort er for mange ein tradisjon som dei ser fram til. Det blir lagt mykje tanke bak både motivet og teksten. Det er vanleg å skrive om positive opplevingar frå året som har gått.

Mor og sønn skriver julebrev
Mor og sønn skriver julebrev

Kven får julekort?

Det er vanlegast å sende kort til familie og venner. Bedrifter sender kort til tilsette og samarbeidspartnarar.

Gammelt julekort
Gammelt julekort

Julekort er framleis populært

Vi sender framleis svært mange julekort. Ein del vel å bruke SMS, MMS og elektroniske julekort.

Det er framleis noko spesielt å få eit fint julekort, skrive for hand med omtanke, berre til deg.

Papirbakgrunn opp ned
Papirbakgrunn opp ned

God jul

Vi håpar du skriv julekort! Hugs at høgtider blir skrivne med liten forbokstav på norsk. Unntaket er om det står først i setninga.

Med dette ønskjer vi deg og dine ei god jul og eit godt nytt år! 

Julehilsen fra Tønsberg 1908
Julehilsen fra Tønsberg 1908
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt