Julekortet blir ein tradisjon

Tradisjonen med å ønskje kvarandre god jul går langt tilbake i tid. Det var vanleg å gå rundt i grenda, banke på dører og overlevere helsingar munnleg. Så dukka ideen om julekortet opp.

Gammelt julekort
Gammelt julekort

Det første julekortet

Det var briten Henry Cole som kom på ideen i første halvdelen av 1800-talet. Han kontakta vennen sin, kunstnaren John Calcott Horsley som teikna eit fint julekort. Dette kopierte Cole, brukte dei korta han trong sjølv og selde resten. Dette vart kjempepopulært, og ein ny forretningsidé var fødd.

Det første kortet, frå 1843, viser ein familie som er samla rundt eit bord. På kortet står det trykt A Merry Christmas and a Happy New Year. Det var eit overrekkingskort. Det vil seie at ein overleverte kortet personleg. Korta var som ei gåve i seg sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley
Første julekortet fra 1843, illustrasjon av John Calcott Horsley

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!