Jupiter

Storleiken og tyngda til Jupiter gjer at den minner meir om ei stjerne enn ein planet. Jupiter minner om ei stjerne fordi den består nesten berre av gass. Hadde den vore 800 ganger tyngre, ville den faktisk vore ei stjerne.

Den raude flekken

Den raude flekken på Jupiter er verken eit fjell eller eit stort krater. Det er ein virvelvind som er dobbelt så stor som jorda. Denne stormen har rasa i minst 400 år. Me trur at raudfargen er stoff som kvervlar opp frå djupare lag av Jupiter. Ingenting tyder på at dette uvêret kjem til å roa seg med det første.

Planeten jupiter
Planeten jupiter

Kva veit me om Jupiter?

Rundt Jupiter svirrar det ringar. Desse ringane består for det meste av støv. Dei er sannsynlegvis restar etter meteorittar som har slege ned på nokre av dei mange månane til Jupiter. Meteorittar er objekt i verdsrommet som svirrar rundt, og treffer planetar med ujevne mellomrom. Jorda har blitt treft av meteorittar fleire gonger.

Romsonden Juno blei send mot Jupiter i august 2011 for å avsløra hemmelegheitene til planeten. Romsonden er eit ubemanna fartøy som skal studere planeten fram til 2025.

Dei fire største månane til Jupiter blir kalla dei galileiske månane, fordi dei blei oppdaga av Galileo Galilei i 1610. Sidan den gongen har me funne 63 jupiter-månar til.

Jupiter har elleve gonger større diameter enn jorda, og er 318 gonger tyngre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjernen

Djupast inne i Jupiter ligg ein steinkjerne som er like stor som jorda. Men denne kjernen har aldri vore sett direkte, sidan han er skjult av den tjukke atmosfæren. Atmosfære er gass eller luft som omgjev ein planet.

Metallisk hydrogen

Jupiter består óg av gassen hydrogen. Gassen er flytande og liknar på metall på grunn av høgt trykk og høg temperatur.

Magnetfelt

Magnetfeltet til Jupiter er 20 000 gonger sterkare enn magnetfeltet til jorda.

Magnetosfæren

Magnetosfæren til Jupiter strekker seg meir enn ein milliard kilometer bort frå sola. Magnetosfæren verkar som eit skjold rundt planeten for å beskytte den mot objekter utanfrå.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan Jupiter er oppbygget
Illustrasjon av hvordan Jupiter er oppbygget

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. National Geographic Youtube