Jupiter

Med storleiken og tyngda si minner Jupiter nesten meir om ei stjerne enn ein planet. Hadde han vore 800 gonger tyngre, ville Jupiter faktisk ha vore ei stjerne. At planeten kan minna om ei stjerne, kjem ikkje minst at han består nesten berre av gass.

Den raude flekken

Den raude flekken på Jupiter er verken eit fjell eller eit stort krater. Det er ein virvelvind som er dobbelt så stor som jorda. Denne stormen har rasa i minst 400 år. Me trur at raudfargen er stoff som kvervlar opp frå djupare lag av Jupiter. Før var uvêret veldig ovalt, men dei siste åra er det blitt meir samanklemt i fasongen. I løpet av nokre tiår kan det bli heilt sirkelrundt. Men ingenting tyder på at dette uvêret kjem til å roa seg med det første.

Planeten jupiter

Kva veit me om Jupiter?

Rundt Jupiter svirrar det ringar. Desse ringane består for det meste av støv. Dei er sannsynlegvis restar etter meteorittar som har slege ned på nokre av dei mange månane til Jupiter.

Romsonden Juno blei send mot Jupiter i august 2011 for å avsløra hemmelegheitene til planeten. Juno kom fram i juli 2016 og gjekk inn i bane rundt planeten. Der skal han gå fram til juli 2021.

Dei fire største månane til Jupiter blir kalla dei galileiske månane, fordi dei blei oppdaga av Galileo Galilei i 1610. Sidan den gongen har me funne 63 jupitermånar til.

Jupiter har elleve gonger større diameter enn jorda, og er 318 gonger tyngre.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjernen

Djupast inne i Jupiter ligg ein steinkjerne som er like stor som jorda. Men denne kjernen har aldri vore sett direkte, sidan han er skjult av den tjukke atmosfæren.

Metallisk hydrogen

Ein tredels veg inn mot midten finst hydrogen som er flytande og metallisk på grunn av høgt trykk og høg temperatur.

Magnetfelt

Magnetfeltet til Jupiter er 20 000 gonger sterkare enn magnetfeltet til jorda.

Magnetosfæren

Halen på magnetosfæren til Jupiter strekker seg meir enn ein milliard kilometer bort frå sola, heilt ut til bana til Saturn.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan Jupiter er oppbygget

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. National Geographic Youtube