Skal vi ta ein kaffi?

Over heile verda tek folk kaffipause. Det blir drukke litervis av varm, oppkvikkande kaffi på arbeidsplassar, kafear og på fisketurar. Det er heilt vanleg å seie: «Skal vi ta ein kaffi?» Ein tek dermed for gitt at alle drikk kaffi. Sånn er det ikkje, men når begynte vi eigentleg å ta kaffipausar?

Kaffipausefestival

I byen Stoughton i USA feirar dei The Stoughton Coffee Break Festival kvar sommar. Dette er til ære for det dei meiner er opphavet til kaffipausen.

Mange nordmenn flytta til USA på 1800-talet. Mange av dei fekk jobb på vognfabrikkar og i tobakksindustrien. Vognarbeidarar var det nok av, men tobakksprodusentene sleit med å få nok arbeidskraft.

Derfor fekk konene til vognarbeidarane tilbod om jobb. Dei takka ja til dette mot at dei fekk lov til å ta pause heime. Der gjorde dei husarbeid, såg til barna sine og drakk kaffi!

Opphavet til kaffipausen er sannsynlegvis meir kompleks, men konene til vognarbeidarane var med på å starte ein tradisjon som heile verda nyt godt av.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kaffepause
Kaffepause

Smak av Etiopia

I dag er det nesten tre millionar nordmenn som drikk kaffi kvar dag, men lenge var dette ein ukjend drikk i Noreg. Først på midten av 1700-talet vart kaffi ei stor handelsvare i Noreg og i resten av Europa.

Dei første kaffibønnene voks i Afrika tidlegast på 1200-talet. Mange kjelder peikar mot Etiopia.

Ei av historiene fortel om ein mann med namnet Omar som hadde heilande evner. På grunn av dette vart han send ut av byen Mokka. Han måtte overleve i ørkenen, og der åt han nokre bær som han fann. Dei smakte bittert, så han brende dei på bålet og kokte dei med vatn. Då han drakk av vatnet, var noko av bitterheita borte.

Då nokon i Mokka fekk smake på drikken, vart dei så begeistra at Omar vart gjort til helgen. Drikken spreidde seg raskt gjennom Afrika, Asia og Midtausten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaffebønner i Etiopia
Kaffebønner i Etiopia

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!