Skal vi ta ein kaffi?

Over heile verda drikk folk kaffi. Det blir drukke litervis av varm oppkvikkande kaffi på arbeidsplassar, kafear og på fisketurar. Det er heilt vanleg å seie: «Skal vi ta ein kaffi?» Men drikk alle kaffi? Og når begynte vi eigentleg med kaffipausar?

Kaffipausefestival

I byen Stoughton i USA arrangerer dei ein festival kvar sommar. Den skal markere at den første kaffipausen i verda visstnok vart teken her.

Mange nordmenn flytta til USA på 1800-talet. Mange av dei jobba på vognfabrikkar. Andre fabrikkar sleit med å få nok arbeidarar, og dei spurde derfor konene til vognarbeidarane om dei ville jobbe.

Dei takka ja til dette, mot at dei fekk lov til å ta kaffipause heime.

Vi veit ikkje heilt sikkert når nokon tok den første kaffipausen. Men konene til vognarbeidarane var med å starte ein tradisjon som heile verda nyt godt av.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kaffepause
Kaffepause

Smak av Etiopia

I dag er det nesten tre millionar nordmenn som drikk kaffi kvar dag. Lenge var dette ein ukjend drikk i Noreg. Først på midten av 1700-talet vart kaffi godt kjent i Noreg og i resten av Europa.

Mange trur at Etiopia i Afrika var eit av dei første landa som dyrka kaffi.

Ei av historiene fortel om Omar. Han hadde evne til å heile folk. På grunn av dette vart han send ut av byen Mokka. For å overleve i ørkenen åt han nokre ukjende bær. Dei smakte bittert, så han rista dei over elden og kokte dei. Då han drakk av vatnet, var noko av bitterheita borte.

Nokon i Mokka fekk smake på drikken og vart begeistra. Drikken spreidde seg raskt gjennom Afrika, Asia og Midtausten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaffebønner i Etiopia
Kaffebønner i Etiopia

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!