Fargerike baller med sorte tall.
To hvite terninger
Teoretisk sannsynlegheit
Med ein terning såg vi at alle tala var like sannsynlege å få. Sidan det er 6 tal, er det 6 moglege utfall. Vi seier at sjansen for å få eit bestemt tal, som ein toar, er 1⁄6 (ein seksdel).
Bildet som blir vist her, er eit rutenett på 10×10 ruter som er fargelagt, altså 100 ruter til saman. Det er fem ruter som har fargen gul. Det betyr at det er 5 % sannsynleg at vi treffer ei gul rute, fordi det er 5 av 100 ruter.
Vi kan då rekne oss fram til at viss vi kastar 100 kast, så vil vi treffe ei gul rute 5 gongar – i snitt.
Ruteark
Reell sannsynlegheit?
Kastar du ein terning mange nok gongar, vil alle verdiane dukke opp omtrent like mange gongar. Det betyr at det vi har rekna oss fram til, stemmer ganske bra med det som vil bli resultatet viss vi kastar terningen mange nok gongar.
Men når vi kastar ei pil på det fargelagte rutenettet, kan vi øve oss på å kaste. Vi kan sikte på dei fargane vi vil.
Då vil kanskje resultatet vere noko heilt anna enn det vi rekna oss fram til. Då vi rekna, fann vi ut at vi ville treffe gule ruter 5 av 100 gongar. I praksis vil vi kanskje treffe veldig mange fleire gongar, eller ikkje i det heile. Vi kan ikkje stole på at det vi rekna ut, vil gi det rette resultatet.
Ruteark
Kjelder:
- Aven, Terje: sannsynlighet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/sannsynlighet
- sannsynlighetsregning i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/sannsynlighetsregning
- Holmen, Heine: lotteriparadokset i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. november 2021 frå https://snl.no/lotteriparadokset
- Matematikk.org (16.11.21): Hvordan finner vi uniform sannsynlighet?
https://www.matematikk.org/artikkel.html?tid=154939&within_tid=154936
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-