Læreplantilkobling

Fag

Samfunnskunnskap

Samfunnsfag

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Identitet og livsmeistring
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Target Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
7. trinn
Samfunnsfag
  • gjennomføre ei samfunnsfagleg undersøking og presentere resultata ved hjelp av eigna digitale verktøy
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
10. trinn
Samfunnsfag
  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar

Kan eg ikkje berre google det, då?

Det finst vanvettig mykje informasjon på internett. Kvar i all verda skal du begynne å søkje? Eit klassisk svar frå klasserommet er: «Kan eg ikkje berre google det, da?» Hadde det bare vore så enkelt …

Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.

Kva er ein nettlesar?

Når vi skal finne informasjon på internett, bruker vi ein nettlesar. Det er eit program som gjer det mogleg å laste den informasjonen som ligg på nett. Dei vanlegsaste nettlesarane er Google Chrome, Microsoft Edge, Safari, Firefox og Opera.

Når vi bruker ein nettlesar, får vi opp ulike nettsider. I nettlesaren blir nettsidene kalla for faner. Vi kan ha fleire faner i nettlesaren for å kunne bytte raskt mellom nettsider.

Mange synest det kan vere vanskeleg å lese det som står på nettsidene. I ei bok ser sidene ganske like ut, og vi les frå topp til botn og frå venstre mot høgre. På nettsider kan informasjonen stå ulike stader på sida, og det kan vere vanskeleg å sjå kva som er viktig. I tillegg er det filmsnuttar og cookies (reklame).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden

Søkjemotorar

Vi kan ikkje lese gjennom alle sidene på nettet for å finne informasjonen vi treng – det ville tatt altfor lang tid! Då er det lurare å søkje etter informasjonen, og det gjer vi ved å bruke søkjemotorar.

Ein søkjemotor er omtrent som ein bibliotekar du kan spørje om hjelp til å finne det du leitar etter. Men søkjemotoren krev at du forklarer godt kva du eigentleg ønskjer å finne. Di meir presis du er, dess enklare er det å finne gode søkjeresultat.

Mann ved pc med søkeikon

Googlar du?

Den mest brukte søkjemotoren er Google. Han har til og med gitt oss verbet «å google», som betyr å søkje på nett. «Å google» er i dag eit heilt daglegdags ord, men det fanst ikkje då foreldra dine var barn.

Det finst òg andre søkjemotorar, og eit par døme er Bing og DuckDuckGo. I tillegg er det verdt å hugse på at mange nettsider har eigne søkjemotorar du kan bruke til å finne innhald berre hos dei. Då slepp du å lese deg gjennom alt for å finne det du leitar etter.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søkefelt på internett med forstørrelsesglass

Lenkjer i lange baner

På nettsidene kryr det ofte av lenkjer – òg kalt hyperlenkjer. Ved å trykkje på desse kjem ein vidare til nye nettsider som inneheld meir informasjon om det ein allereie las om. I ein tekst der ordet ski blir nemnt, kan det altså finnast ei lenkje som tar deg vidare til meir informasjon om ski.

Du skal vere forsiktig med å trykkje på lenkjer utan å tenkje deg om. Dei kan føre til nettsider du ikkje vil besøke, der nokon prøver å lure deg med virus eller falsk informasjon. Virus kan øydeleggje datamaskina di. I verste fall kan nokon bruke din personlege informasjon til å svindle deg. Til dømes kan dei bruke kredittkortet ditt, eller bruke facebookprofilen din for å svindle andre.

Du vil ofte òg oppleve at klikking på lenkjer vil ta deg stadig lenger unna det du opphaveleg heldt på å lese. Tenk deg om før du klikkar deg vidare!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lenkeikon på abstrakt blå 3d-bakgrunn

Veit du kva du søkjer etter?

Før du søkjer på Google, bør du vite litt om kva du skal søkje etter. Det blir litt som å finne den berømte nåla i høystakken. Det er nesten umogleg viss ikkje du tilfeldigvis set deg på nåla, eller viss ikkje du sorterer ut høyet litt om gongen. På Google må du sortere bort alt du IKKJE treng å vite. Søkjet ditt må innehelde det du treng å vite. Di fleire stikkord du bruker i søket, dess betre blir treffet.

Søkjer du på ordet vikingar, vil du få opp millionar av treff. Søkjer du på vikingar frå Vestfold som besøkte Konstantinopel, vil du få opp langt færre treff. Då har du nærma deg målet ganske mykje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en viking med brillehjelm, løftet sverd og bjørnefell.

Kjelder:

  • Hartvig Abrahamsen, Mats; Gramstad, Thomas: Google i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/Google
  • Øverby, Harald; Dvergsdal, Henrik: internett i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/internett

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images