Læreplantilkobling

Fag

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Identitetsutvikling og fellesskap
  • Undring og utforsking
  • Identitet og livsmeistring
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
Samfunnsfag
  • samanlikne korleis ulike kjelder kan gi ulik informasjon om same tema, og reflektere over korleis kjelder kan brukast til å påverke og fremje bestemte syn
7. trinn
Samfunnsfag
  • reflektere over korleis ein sjølv og andre deltek i digital samhandling, og drøfte kva det vil seie å bruke dømmekraft sett i lys av reglar, normer og grenser
7. trinn
Samfunnsfag
  • gjennomføre ei samfunnsfagleg undersøking og presentere resultata ved hjelp av eigna digitale verktøy
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett
10. trinn
Samfunnsfag
  • utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
10. trinn
Samfunnsfag
  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • reflektere over eigne digitale spor, utforske kven som har tilgang til spora, og drøfte korleis data og personopplysningar kan brukast eller misbrukast
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske og presentere dagsaktuelle tema eller debatter ved å bruke samfunnsfaglege metodar, kjelder og digitale ressursar, og argumentere for sine eigne og andre sine meiningar og verdiar
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske korleis interesser og ideologisk ståstad påverkar våre argument og val av kjelder, og reflektere over korleis det gir seg utslag i forskjellige meiningar

Kan eg ikkje berre google det, då?

Det finst vanvettig mykje informasjon på internett. Kvar i all verda skal du begynne å søkje? Eit klassisk svar frå klasserommet er: «Kan eg ikkje berre google det, då?» Hadde det berre vore så enkelt …

Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.

Kva er ein nettlesar?

For å finne informasjon på internett bruker vi ein nettlesar. Dei vanlegaste nettlesarane er Google Chrome, Microsoft Edge, Safari, Firefox og Opera.

Når vi bruker en nettlesar, får vi opp ulike nettsider. Kvar nettside får si eiga fane som blir vist øvst på skjermen. Vi kan ha fleire faner opne samtidig.

Synest du det er vanskeleg å lese det som står på nettsidene? Det kan verke ganske forvirrande. I ei bok les vi gjerne frå topp til botn og frå venstre mot høgre. På ei nettside kan det vere litt tilfeldig kvar du begynner å lese.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden

Søkjemotorar

Det vil ta altfor lang tid å leite seg gjennom alt som står på internett. Derfor kan vi heller bruke ein søkjemotor.

Ein søkjemotor gir deg ikkje berre eitt svar på det du lurer på. Du vil få opp MANGE nettsider. Derfor er det viktig at du forklarer godt kva du leitar etter. Lurer du på kor mange hattrick Christiano Ronaldo har gjort i karrieren? Då bør du ikkje berre søkje på namnet hans. Då kjem det opp over 250 millionar treff. Skriv du Christiano Ronaldo hattrick, vil du komme ganske nær svaret.

Mann ved pc med søkeikon

Googlar du?

Google er den mest brukte søkjemotoren. Alle veit kva det er «å google». For oss er det eit heilt daglegdags ord. Det fanst ikkje då foreldra dine var barn.

Det finst òg andre søkjemotorar, og eit par døme er Bing og DuckDuckGo. I tillegg er det mange nettsider som har eigne søkjemotorar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søkefelt på internett med forstørrelsesglass

Lenkjer i lange baner

På nettsidene er det ofte lenkjer. Ved å trykkje på desse kjem ein vidare til nye nettsider om same tema.

Du bør ikkje trykkje på lenkjer utan å tenkje deg om. Det som gøymer seg bak lenkjene, kan øydeleggje datamaskina di. I verste fall kan nokon lure deg for pengar. Eller bruke informasjon om deg til å lure andre.

Klikking på lenkjer vil ta deg lenger unna det du opphavleg heldt på å lese. Tenk deg om før du klikkar deg vidare!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lenkeikon på abstrakt blå 3d-bakgrunn

Veit du kva du søkjer etter?

Tenk deg at du skal skrive ei oppgåve om vikingar fra Vestfold som kriga med kongen av England. På nettet finst det ufatteleg mykje informasjon om vikingar.

Du bør derfor ikkje berre søkje på ordet viking. Søket ditt må innehelde det du treng å vite.  Di fleire stikkord du bruker i søket, dess betre blir treffet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en viking med brillehjelm, løftet sverd og bjørnefell.

Kjelder:

  • Hartvig Abrahamsen, Mats; Gramstad, Thomas: Google i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/Google
  • Øverby, Harald; Dvergsdal, Henrik: internett i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. mai 2022 frå https://snl.no/internett

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images