Kan eg ikkje berre google det, då?

Det finst vanvettig mykje informasjon på internett. Kvar i all verda skal du begynne å søkje? Eit klassisk svar frå klasserommet er: «Kan eg ikkje berre google det, då?» Hadde det berre vore så enkelt …

Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.
Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.

Kva er ein nettlesar?

For å finne informasjon på internett bruker vi ein nettlesar. Dei vanlegaste nettlesarane er Google Chrome, Microsoft Edge, Safari, Firefox og Opera.

Når vi bruker en nettlesar, får vi opp ulike nettsider. Kvar nettside får si eiga fane som blir vist øvst på skjermen. Vi kan ha fleire faner opne samtidig.

Synest du det er vanskeleg å lese det som står på nettsidene? Det kan verke ganske forvirrande. I ei bok les vi gjerne frå topp til botn og frå venstre mot høgre. På ei nettside kan det vere litt tilfeldig kvar du begynner å lese.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!