Kan eg ikkje berre google det, då?

Det finst vanvettig mykje informasjon på internett. Kvar i all verda skal du begynne å søkje? Eit klassisk svar frå klasserommet er: «Kan eg ikkje berre google det, då?» Hadde det berre vore så enkelt …

Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.
Søkemotor på internett der det står Search med samme farger som i Google.

Kva er ein nettlesar?

Når vi skal finne informasjon på internett, bruker vi ein nettlesar. Det gjer det mogleg å lese den informasjonen som ligg på nett. Dei vanlegaste nettlesarane er Google Chrome, Microsoft Edge, Safari, Firefox og Opera.

Når vi bruker ein nettlesar, får vi opp ulike nettsider. I nettlesaren blir nettsidene kalla for faner. Vi kan ha fleire faner opne samtidig for å bla raskt mellom nettsidene.

Mange synest det kan vere vanskeleg å lese det som står på nettsidene. I ei bok les vi gjerne frå topp til botn og frå venstre mot høgre. På nettsider kan informasjonen stå ulike stader på sida. Det kan vere vanskeleg å sjå kva som er viktig. I tillegg er det filmsnuttar og cookies (reklame).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden
Binær kode som beveger seg i atmosfæren over jordkloden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!