Kan ein kjøpe eit menneske?

Menneskehandel er organisert handel av menneske. Dei som står bak dette, utnyttar barn, kvinner og menn til å utføre arbeid og tenester med bruk av tvang og vald. All slik handel er brot på menneskerettane.

Menneskearm med strekkode
Menneskearm med strekkode

Historia til «Eva»

«Mor og søskena mine døydde på grunn av krigen i landet vårt, og far hadde reist til byen for å finne arbeid. Eg var glad for å ha bestefar, for han var snill. Føtene hans vart skadde under krigen, og han har vanskeleg for å gå. Det var eg som måtte sørgje for noko å ete. Når eg var ferdig med arbeidet for dagen, gjekk eg på skule. Livet var ikkje berre arbeid og skule. Eg hadde venner, og vi hadde tid til leik og moro.

Ein dag kom to ukjende menn til landsbyen min. Mennene sa dei visste om jobbar til jenter i eit anna land. Ein av dei fortalde bestefaren min at om han lét meg reise, ville eg komme tilbake med pengar så bestefar kunne operere føtene sine. Eg og tre andre unge jenter i landsbyen sa ja til å bli med til utlandet, den yngste var femten år.

Mennene ordna pass til alle, og ein dag kom dei og henta oss med bil. Eg kjenner meg dum fordi eg vart med dei, men alle i landsbyen trudde mennene ville oss vel. I begynnelsen var dei snille, og vi fekk det vi trong og ønskte oss. Vi reiste lenge, dag og natt.

Ein dag vart mennene heilt annleis. Dei gav oss tablettar som gjorde oss sløve, og vi klarte ikkje å gjere motstand då mennene valdtok oss. Ei av jentene vart hysterisk og ville berre heim. Mennene drap henne. Sånn ville det gå med den som protesterte, sa dei.»

Historia om «Eva» er dessverre ikkje unik. Det er millionar av barn og ungdom som opplever det same. 

Teksten er henta frå kvinnehistorie.no
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.
Trist ansikt av jente delvis lagt i skygge.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...