Kappløp mot polane

To banebrytande oppdagarar kjempa mot ekstreme forhold for å finna ytterpunkta i verda.

Accessibility icon Kappløp mot polane

Kappløp mot polane 

På begynnelsen av 1900-talet var det få stader på jorda som framleis ikkje var utforska. Heilt sidan oppdagingstida hadde mennesket kryssa verdshava og utforska kontinent, med mål om å kjøpe og selje varer og utvide imperia sine. No var det nokre eventyrarar som ville reise til polane òg, men det var noko heilt anna som dreiv dei: dei ville utforske det ukjende, og få heider og ære for å kome dit først.

⬅  Roald Amundsen sitt forskingsskip Gjøa vart sitjande fast i isen i Arktis i nesten to år på ekspedisjonen hans til Nordvestpassasjen i 1903–1906. 

Peary mot Cook 

Nordpolen ligg så langt nord ein kan kome på jorda, på eit tjukt lag av sjøis. Det frosne havet endrar seg med årstidene, og ei reise tvers gjennom Arktis er derfor ekstremt farleg. Oppdagarane kan òg oppleve at det blir så kaldt som minus 50 grader, og vinden kan blåse i opptil 90 kilometer i timen. I tillegg kan ein bli angripen av isbjørnar. Etter fleire mislykka forsøk på å nå Nordpolen på 1800-talet, vart det i løpet av same veka i 1909 meldt at to ulike ekspedisjonar hadde klart å nå fram.

Frederick Cook 

Den første var dr. Frederick Cook. Han hevda at han nådde Nordpolen 21. april 1908 saman med innfødde jegerar frå Grønland. Teamet reiste frå Annoatok på Grønland i februar 1908, og bevega seg rundt 24 kilometer om dagen med hundesledar. I tillegg hadde dei ein samanleggbar båt som dei brukte til å krysse ope vatn der det var nødvendig. Ifølgje Cook sjølv brukte han ein sekstant til å finne breiddegradene, og han rekna ut posisjonen til «eit punkt som var så nær Nordpolen som mogleg». Ei farleg heimreise gjennom område fulle av sprekkar og drivis gjorde at det tok lang tid å kome seg tilbake. Derfor fekk dei ikkje sendt ein einaste beskjed heim før etter 14 månader.

Landskapsbilde av Grønland
Landskapsbilde av Grønland

Robert Peary 

Medan Cook var sakna og truleg død, la Robert Peary i veg på det som var den niande ekspedisjonen hans i Arktis. Han brukte det såkalla «Peary-systemet», og mannskapet på 50 køyrde hundesledar i eit slags stafettsystem medan dei sette ut mat langs ruta. Mannskapet til Peary hadde ikkje med seg båtar, så då isen begynte å sprekke opp, vart dei sitjande faste i dagevis før sprekkane lukka seg igjen.

Når dei var i rørsle, hadde dei ein gjennomsnittsfart på 21 kilometer om dagen. Peary tok ofte målingar med sekstant for å vere sikker på at dei framleis var på veg nordover. Den 6. april målte han ei breiddegrad på litt over 89 og skreiv i dagboka: «Endeleg, Nordpolen! […] draumen min og ambisjonen min i 23 år. Endeleg min.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kven var først? 

Beskjeden om dei to vellykka ekspedisjonane kom nesten samtidig, på grunn av Cooks forseinkingar og den overraskande heimreisa til Peary. Historia til Cook vart rapportert 2. september 1909, medan Pearys vart publisert 7. september. Dei fantastiske prestasjonane vart overskygde av den bitre krangelen som no følgde. Peary avviste forsøket til Cook nesten med ein gong. Peary prøvde til og med å få styresmaktene til å offisielt anerkjenne bragda hans i staden for Cooks.

Tvil om reisa 

Det er framleis uvisse rundt påstandane til både Cook og Peary. Ein har undersøkt både oppdagarane sine eigne skildringar og attståande bevis mange gongar. Det har vore stilt spørsmål ved kor nøyaktige målingane til mennene av breiddegradene var, den påståtte reisefarten deira og andre ting som manglar i dagbøkene deira. Vi får nok aldri eit endeleg svar på kor nær dei verkeleg var Nordpolen og kven som kom dit først, viss nokon av dei faktisk klarte det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Amundsen mot Scott 

Mindre enn to år etter at Cook og Pearys bragder skapte overskrifter, vart det gjort førebuingar for nok eit kappløp. Denne gongen på den andre sida av jordkloden. I januar 1911 var det to ulike grupper med oppdagarar som kom til Antarktis, og begge var fast bestemde på å bli dei første til å nå Sørpolen.

Den geografiske Sørpolen ligg på breiddegrad -90, og er ein av dei mest ekstreme stadene på planeten. Antarktis er den kaldaste staden på jorda, med rekorden for lågaste temperatur på bakkenivå med -89,2 grader. Størstedelen av islaget er mellom to og fire kilometer tjukt, så ein kan oppleve høgdesjuke viss ein prøver å krysse Antarktis. Ein finn òg nokre av dei kraftigaste vindane i verda der. I visse område kan vindkasta kome opp i 198 kilometer i timen. I tillegg er kontinentet omringa av det røffaste og mest stormfulle havet på planeten, Sørishavet.

Begge gruppene stod derfor overfor enorme farar allereie før sjølve ekspedisjonane kunne starte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Røynde konkurrentar 

Dei to konkurrerande ekspedisjonane vart leidde av vår eigen kaptein Roald Amundsen og den britiske kapteinen Robert Falcon Scott. Begge var allereie berømte oppdagarar. Scott hadde tidlegare vore i Antarktis på ein ekspedisjon saman med Ernest Shackleton og dr. Edward Wilson frå 1901 til 1904. Den gongen kom dei til breiddegrad -82, altså nærare Sørpolen enn nokon før dei. Scott hadde fått 20 000 pund frå styresmaktene til å betale for ekspedisjonen, og førebuingane fekk mykje merksemd i avisene.

Hemmeleg reisemål 

Medan ekspedisjonen til Scott var godt kjend, heldt Amundsen planane sine for seg sjølv. Han var allereie i gang med å planleggje ein ekspedisjon til Arktis, då påstandane til Peary og Cook  knuste draumen om å nå Nordpolen først. I staden for å avlyse heile ekspedisjonen, gjorde han om på planane og ville prøve seg på Sørpolen i staden. Sjølv Amundsens eige mannskap trudde dei skulle til Arktis, heilt til han avslørte sanninga då dei var undervegs.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klare for den lange reisa

Scotts team kom til Antarktis i januar 1911. Medan dei slo leir og gjorde seg klare for turen, visste dei ingenting om at Amundsen og folket hans hadde gått i land berre nokre hundre kilometer unna nesten samtidig. Begge teama brukte mesteparten av året til førebuingar for ekspedisjonane. Dei la ut matlager langs rutene, før dei la i veg i starten av den antarktiske våren: Amundsen 20. oktober og Scott 1. november.

Det var store forskjellar både i taktikk og utstyr for dei to teama. Det skulle vise seg å bli forskjellen mellom suksess for den eine og tragedie for den andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Rett utstyr for polarferd 

Rette klede og rett utstyr kan bety forskjellen mellom liv og død.

1. Briller
Sollyset som blir spegla i isen og snøen, kan føre til at ein blir snøblind. Det gjer vondt, og ein ser ingenting før det går over. Teamet til Scott brukte briller med mørke glas for å verne mot dette.

2. Innfødd kunnskap
Amundsen brukte kunnskap han hadde lært frå inuittane i Arktis. Teamet hans kledde seg i fleire laustsitjande lag og dressar av ulveskinn.


3. Vitskapleg utstyr
Kamera og navigasjonsutstyr var tungt å bere, men veldig viktig å ha. Det gjorde at dei kunne finne ut kvar dei var, og at dei kunne bevise at dei hadde vore der.

4. Pels
Teamet til Scott brukte mindre pels enn Amundsen sitt team. Sidan dei sjølve drog på ein del av utstyret, ville dei ha vorte for varme i tjukke pelsklede.


5. Støvlar
Teamet til Scott hadde støvlar av reinsdyrpels, fôra med filt. Dei var stappa med høy for å halde på meir varm luft.

6. Hanskar
For å halde seg varme nok til å verne fingrane, var vottar og hanskar ofte så tjukke at dei hindra rørsle. Oppdagarane måtte ta av seg på hendene for å kunne gjere ting som kravde bruk av fingrar.


7. Vindtette lag
Turtøyprodusenten Burberry utstyrte både teamet til Scott og Amundsen med ytterjakker og telt av det pustande og vasstette stoffet gabardin.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ponniar og sledar med motor 

Teamet til Scott hadde mindre erfaring med både kulde og skigåing. Dei hadde med seg ponniar og sledar med motor, men dette viste seg raskt å vera ein tabbe. Ingen av delane takla dei ekstreme forholda i Antarktis; sledane fungerte ikkje og vart forlatne, og dei stakkars ponniane vart til slutt skotne og brukte til mat.

Scott og teamet hans nådde Sørpolen 17. januar 1912, men vart skuffa då dei såg at det norske flagget allereie var godt planta på polpunktet. Teamet til Scott sleit med feilernæring, svolt, frostskadar og alvorleg nedkjøling. Samtidig fall temperaturen til mellom -30 og -40 grader. Ingen av dei overlevde reisa tilbake til leiren. Scott gjekk tom for mat og drivstoff og vart fanga i teltet sitt i ein snøstorm. Då var han berre nokre kilometer frå sitt eige utplasserte matlager. I det siste, tragiske dagboknotatet 19. mars står det: «Vi skal halde ut til det siste, men vi blir svakare, og slutten kan ikkje vere langt unna. Det er trist, men eg trur ikkje eg kan skrive meir.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein helt og ein martyr 

Amundsen sendte ut nyheita om den historiske bragda si 7. mars 1912 og vart hylla som helt. Men hyllinga vart seinare overskygd då verda fekk høyre om korleis det hadde gått med Scott og mennene hans.

Også ekspedisjonane til Amundsen og Scott har vore nøye granska i åra etterpå. Ikkje fordi ein er i tvil om dei verkeleg nådde fram til Sørpolen, men fordi ein vil finne ut kva som gjorde at Scott og folka hans ikkje klarte seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Slutten på ein æra 

Desse ekspedisjonane tidleg på 1900-talet var blant dei siste i ein periode med mange slike oppdagingar. Desse mennene vart beundra for den enorme viljen dei hadde medan dei kjempa mot tøffe forhold. Dei flytta grensene for kva som er mogleg, i jakta si på å bli hugsa.

Denne modige perioden gjekk mot slutten etter første verdskrig. Då gjorde teknologiske framsteg at slike ekspedisjonar vart lettare å gjennomføre.

Dei vitskaplege oppdagingane til Scott

Det hjelpte ikkje så mykje den gongen, men det var ikkje alle sidene ved ekspedisjonen til Scott som var ein katastrofe. Tolv forskarar i leiren fekk i oppdrag å studere naturen rundt, og dei tok med seg eksemplar av meir enn 2100 dyreartar heim. 401 av desse var heilt ukjende frå før. Dei tok òg med seg steinprøver, plantefossil og pingvinegg.

Oppdaginga av fossilet etter ein bregne-liknande plante var med på å underbyggje teorien om at Antarktis ein gong var del av eit mykje større kontinent. I dag er det kjent som Gondwana. Pingvinegga vart samla inn for å prøve å finne eit mogleg samband mellom fuglar og dinosaurar. Dette var ein teori som var ganske ny på den tida.

⬅  Scott skriv dagbok i hytta ved Cape Evans-leiren i oktober 1911. Sjølve hytta står der framleis som eit minne etter ekspedisjonen. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Polare forskingsstasjonar 

Sidan dei første polfararane, har vi menneske heldt fram med å reise til både Arktis og Antarktis for å drive forsking. I dag finst det mange forskingsstasjonar i dei polare områda som gir oss ny kunnskap om planeten vår. Forskingsstasjonen Concordia i Antarktis blir til og med brukt til å trene opp astronautar. Slik blir neste generasjon oppdagarar klar for dei uoppdaga områda som ligg bortanfor vår eigen planet.

Tragedie og triumf

Amundsens sørpolteam
Roald Amundsen: teamleiar
Olav Bjaaland: skiløpar
Helmer Hanssen: røynd hundesledeførar
Sverre Hassel: røynd hundesledeførar
Oscar Wisting: marineoffiser

8. september 1911 
Amundsens gruppe på åtte startar frå leiren i Kvalbukta. Dei snur raskt og dreg tilbake fordi forholda framleis er for tøffe.

20. oktober 1911 
Så fort våren kjem, legg Amundsen i veg igjen. Denne gongen er dei fem mann.

21. november 1911
Teamet når fram til polarplatået etter å ha stige opp på ein isbre som dei kalla Axel Heiberg-breen. Breen vart oppkalla etter ein av dei som betalte for ekspedisjonen.

14. desember 1911
Amundsen når fram til Sørpolen. Teamet hans bruker fleire dagar på å bestemme den nøyaktige posisjonen med hjelp av ein sekstant.

Scotts sørpolteam 
Robert Falcon Scott: teamleiar
Edgar Evans: kvartermeister i marinen
Lawrence Oates: kaptein i hæren
Dr. Edward Wilson: forskingsleiar
Henry Bowers: løytnant i den kongelege
indiske marinen

17. januar 1912
Scott og teamet hans kjem endeleg fram til Sørpolen, der dei oppdagar at det  norske flagget til Amundsen allereie står planta på polpunktet. Amundsens team hadde sett opp eit lite telt. Der fann Scott eit brev frå Amundsen med spørsmål om han kunne bringe ein beskjed til den norske kongen.

17. februar 1912 
Edgar Evans døyr etter å ha falle i koma. Ein trur at han hadde ein alvorleg hovudskade etter eit fall på veg ned frå Beardmore-breen.

16. mars 1912 
Lawrence Oates, som har alvorlege frostskadar, seier sine siste, kjende ord før han forlèt teltet under ein snøstorm: «Eg skal berre utanfor, og det kan ta litt tid.»

29. mars 1912 
Scott blir fanga i ein snøstorm mindre enn 18 kilometer frå det største matlageret sitt. Her skriv han for siste gong i dagboka si. Han, Wilson og Bowers døyr like etterpå. Leitemannskap finn lika i november.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Kappløp mot polene, Amundsen og Scott
Kappløp mot polene, Amundsen og Scott

Roald Amundsen på fem minutt 

I denne videoen får du ei kort oppsummering av Roald Amundsens første tur til Sørpolen.

Kjelder:

  • Historie 5 (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Robert Peary, selvportrett 1920
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Selvportrett 1912
    9. Ukjent
    10. Getty Images
    11. Ukjent fotograf 1920
    12. Getty Images
    13. Herbert George Ponting
    14. Getty Images
    15. Ukjent
    16. NRK Skole