Kart gjennom tidene
Frå eldgamle leirtavler til moderne GPS – kva kan kart fortelje oss om menneska?
Karta avslører
Du tenkjer kanskje at eit kart berre er ei teikning av ein by eller eit land. Kart er òg eit viktig verktøy som hjelper oss slik at vi ikkje går oss bort. Kart fortel oss om grenser og landområde. Kart fortel oss òg korleis menneske tenkjer og lever.
Dei første karta
Historia til karta er meir enn 5000 år gammal. Ei leirtavle frå Babylon er det eldste kartet vi veit om. Babylon var ein oldtidsby. Den var sentrumet i verda i cirka 2000 år. Babylon låg i dagens Irak. Kartet stammar frå 500-talet f.Kr. og viser Babylon i sentrum. Kartet viser òg elva Eufrat.
Artefakt
Hels på Ptolemaios
Menneske har laga kart i fleire tusen år. Men det var Klaudios Ptolemaios som endra dei for alltid. Han var geograf og matematikar. Ptolemaios budde i Egypt på 100-talet e.Kr. Han jobba med matematikk og geometri. Han laga eit system av linjer på jorda. Dette systemet forklarte plasseringa av rundt 10 000 stader.
Jordkloden med stjernetegn
Jordkloden
Etter Romarriket
Etter slutten på Romarriket vart europeiske kart brukte til å fortelje historier. Dei vart ofte laga i kloster og viste historier frå Bibelen. Eit verdskart frå 1290-talet viser Noahs ark, Adam og Eva og rare skapningar.
Dei som laga kart, kaller vi kartografar. Dei sette det som var viktigast for dei, i midten av kartet. Eit kart laga av muslimar viser Mekka midt i verda. Mekka er den heilagste byen i islam.
Hereford mappa mundi fargelagt
Kartet i renenssansen
Renessansen varte frå 1400-talet til 1600-talet i Europa. Mange nye oppfinningar gjorde store forandringar i verda. Skip kryssa verdshava, og store rike (imperium) vart bygde. Det var viktig at karta var nøyaktige.
Kartmakarane brukte ideane til Ptolemaios om breiddegrader og lengdegrader. Trykkpressa vart oppfunnen rundt år 1440. Då vart det enklare å laga kart.
Maleri av en skip og en båt med fanger
Oops!
På 1500-talet sa ein oppdagar at det var vatn rundt heile California i USA. Det var feil. Men California vart likevel teikna som ei øy på karta den gongen. Faktisk heilt fram til 1700-talet.
Gammelt kart av Amerika
Korleis veit vi dette?
Mennesket begynte å teikne kart for mange tusen år sidan. Ved å samanlikne gamle kart med nye kart lærer vi mykje om verda. Vi lærer òg korleis menneske tenkte og levde før.
Kjelder:
- Slik funker verden (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Getty Images
-