Kart gjennom tidene

Frå eldgamle leirtavler til moderne GPS – kva kan kart fortelje oss om menneska?

Accessibility icon Kart gjennom tidene

Karta avslører 

Du tenkjer kanskje at eit kart berre er ei teikning av eit bestemt område, som ein by, eit land eller eit kontinent. Kart fortel oss noko om omgivnadene og er eit viktig verktøy som gjer at vi ikkje går oss bort. Men karta fortel oss ikkje berre om grenser og landområde. Dei fortel oss òg korleis menneske tenkjer, føler og lever.

Jordkloden

Dei første karta  

Historia til karta er meir enn 5000 år gammal. Det eldste verdskartet vi veit om, er ei leirtavle frå Babylon. Oldtidsbyen Babylon var sentrum i sivilisasjonen i cirka 2000 år. Byen låg rundt 100 kilometer sør for Bagdad i dagens Irak. Kartet stammar frå 500-talet f.Kr. og viser Babylon i sentrum, elva Eufrat og hav og fjell som låg rundt.

Artefakt
Artefakt

Hels på Ptolemaios  

Både romarane og folk i oldtidas Hellas laga kart. Men det var Klaudios Ptolemaios som endra karta for alltid. Ptolemaios var ein astronom, geograf og matematikar. Han budde i Egypt under romarane på 100-talet e.Kr. Han jobba mykje med matematikk og geometri. Han laga eit system av linjer på jorda. Dette systemet beskreiv plasseringa av rundt 10 000 stader.

Jordkloden med stjernetegn
Jordkloden med stjernetegn

Breiddegrad og lengdegrad 

Ptolemaios visste at jorda var rund, ikkje flat. Men korleis skulle han teikne den kuleforma overflata til jorda på eit flatt ark? Løysinga vart å teikne nokre linjer på overflata til jorda, som vi i dag kallar breiddegrader og lengdegrader.

Breiddegradslinjer går rundt jorda frå aust til vest. Lengdegradene går frå Nordpolen til Sørpolen. Saman dannar dei eit rutenett på overflata til jorda. Breiddegrader og lengdegrader blir den dag i dag brukte for å vise posisjonar på eit kart.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jordkloden
Jordkloden

Etter Romarriket

Etter Romarrikets fall vart europeiske kart oftare brukte til å fortelje historier. Dei vart ofte laga i kloster og viste bibelske hendingar. Mappa Mundi – som betyr verdskart – frå 1290-talet viser Noahs ark, Adam og Eva og merkelege skapningar.

Folk som laga kart, plasserte det som var viktigast for dei i midten. Eit kart laga av den muslimske kartografen Muhammad al-Idrisi plasserte Mekka midt i verda. Mekka er den heilagste byen i islam.

Hereford mappa mundi fargelagt
Hereford mappa mundi fargelagt

Kartet i renessansen 

Renessansen var ein periode som varte frå 1400-talet til 1600-talet i Europa. I denne perioden dukka det opp nye oppfinningar. Desse førte med seg store forandringar i verda. Skip kryssa verdshava, og land bygde store rike – så store at ein kalla dei imperium. Derfor var det viktig at karta var eksakte. Dei som laga kart, var påverka av Ptolemaios’ idear om breiddegrader og lengdegrader. Rundt år 1440 vart trykkpressa funnen opp. Etter det var det ikkje berre i kloster ein kunne lage kart.

Maleri av en skip og en båt med fanger
Maleri av en skip og en båt med fanger

Oops!

Ein spansk oppdagar sa på 1500-talet at California i USA hadde vatn på alle kantar. Det var feil, men som eit resultat vart California teikna som ei øy på karta til langt inn på 1700-talet.

Gammelt kart av Amerika
Gammelt kart av Amerika

Moderne kart 

Ny teknologi har med tida gjort karta meir nøyaktige enn nokon gong før. Dette er takka vere GPS, som står for Global Positioning System. Dette systemet bruker satellittar som er plasserte rundt omkring i verdsrommet av det amerikanske forsvaret.

I dag finn mange fram ved å bruke GPS på telefonane sine. Men nokre ekspertar er bekymra for at vi lit for mykje på teknologien. På den måten vil vi kanskje miste den naturlege retningssansen vår. Det har skjedd mange gongar at folk har køyrt ut i innsjøar, inn i ørkenar eller til andre land ved berre å lite på GPS. Så kanskje vi ikkje er så mykje smartare enn menneska i oldtida når alt kjem til alt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis veit vi dette?

Mennesket begynte å utvikle og teikne kart for mange tusen år sidan. Ved å samanlikne gamle kart med nye kart lærer vi mykje om verda. Vi lærer òg korleis menneske tenkte og levde før.

Kjelder:

  • Slik funker verden (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. Ukjent
    7. Ukjent
    8. Getty Images