Kjemien bak kjærleik

Kva gjer eigentleg kjærleik med oss?

Accessibility icon Kjemien bak kjærleik

Sterke saker

Kjærleik er den aller sterkaste kjensla vi opplever. Kjensla av kjærleik er nøydd til å vera så sterk fordi han skal sørga for at mennesket overlever som art. Kroppen har ordna det slik at det fløymer over av kjemiske stoff i deg når du kjenner kjærleik. Det er dette som skal sørga for at du ønsker å føra menneskeslekta vidare.

Forelsket par kysser bak hjerteballong
Forelsket par kysser bak hjerteballong

Kjemien tar over

Kjærleiken gjer at vi knyter oss til kvarandre. For det er også kjærleik du kjenner når du klappar ein katt eller får eit smil frå ein venn. Det  er kjærleikens kjemi som står bak den varne kjensla du blir fylt av. Så kvar kjem denne kjensla frå?

Katt på fanget
Katt på fanget

Adrenalin

Hjernen fløymer over av kjemiske stoff. Dei blir kalla hormon. Adrenalin blir ofte knytt til frykt og spenning, men dette hormonet blir også frigjort når vi blir forelska. Adrenalinet sørger for at det strøymer meir blod til hjartet, og for at pulsen aukar.

Adrenalin hos fjellklatrer
Adrenalin hos fjellklatrer

Oksytocin 

Dette blir også kalla lykkehormonet. Oksytocin hjelper oss med å knyta sterke band til kvarandre. Hudkontakt aukar mengda av oksytocin i kroppen. Dette sørger for at vi knyter oss sterkare til andre. Denne typen band er ikkje berre for kjærastar. Det same hormonet speler ei stor rolle heilt frå fødselen av. Oksytocin skaper og bevarer bandet mellom foreldre og barn. 

Baby blir kysset av mamma
Baby blir kysset av mamma

Testosteron

Dette er det mannlege kjønnshormonet. Når guten kjem i puberteten og blir kjønnsmoden, vil han kunna oppleva begjær. Då stig nivået av testosteron veldig hos han. Så går det ned til eit normalt nivå etter kvart. Dette kjemikaliet aukar lysta på eit fysisk forhold. Det er også viktig for reproduksjonen – det vil seia å laga barn.

Østrogen

Østrogen er det kvinnelege kjønnshormonet. Når jenta kjem i puberteten og blir kjønnsmoden, blir det produsert østrogen i kroppen. Det fører til at kvinner ønsker meir fysisk kontakt under ei forelsking. Eit normalt nivå av østrogen er også viktig for at kvinner skal ha eit stabilt og godt humør.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kjærlighet mellom mann og kvinne
Kjærlighet mellom mann og kvinne

Endorfinar

Endorfinar er kjærleiken sitt rusmiddel. Endorfinar verkar roande. Dei er kroppen sin eigen smertestillande medisin. Når vi har fysisk kontakt med nokon vi er glad i, aukar mengda endorfinar i blodet og gir oss ei god kjensle.

Venner klemmer hverandre
Venner klemmer hverandre

Dopamin

Dopamin blir også kalla påskjøningshormonet. Det er eit hormon som sender meldingar rundt i kroppen. Den nyforelska hjernen blir bada i dopamin. Dette blir også opplevd som ein gledesrus. Vi får eit «kick», og vi får lyst på meir.

Noradrenalin 

Akkurat som adrenalin sørger noradrenalin for at pulsen vår stig. Vi blir gira! Noradrenalin styrker også evna til å konsentrera seg om éin person. Slik lèt kjærleiken oss leva i augneblinken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kjærestepar
Kjærestepar

Kva skjer i kroppen?

Hormona som blir utløyste på grunn av kjærleik, påverkar kroppen fysisk frå topp til tå. Nokre endringar kjenner du, andre kjenner du ikkje. Du merkar for eksempel ikkje at pupillane blir utvida fordi du ser nokon du liker. Pupillen er den runde, svarte opninga midt i auget der lyset blir sleppt inn.

Men du kjenner kanskje at pulsen aukar og du begynner å svetta i handflatene. Det er fordi ein blir spent og nervøs når ein møter den ein liker ekstra godt.

Forelsking og kjærleik gjer deg også rar i magen. Derfor kjennest det ut som om du har sommarfuglar i magen. Og vi kan også kjenna forelskinga heilt ut i tærne. Det er slik at vi umedvite snur tærne mot den vi liker ekstra godt.

Vi speglar rørslene til den andre. Dette kan skje utan at vi tenker over det. Det er eit teikn på at det blir utvikla eit nært forhold mellom dykk. Slik blir banda mellom menneske knytte, alt takka vera nokre kjemiske sambindingar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sommerfugler
Sommerfugler

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020):
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images