Ein slange i paradis

Har du høyrt uttrykket “ein slange i paradis”? Det blir brukt om ein som skaper misnøye eller dårleg stemning. Sannsynlegvis er det henta frå Bibelen si forteljing om slangen i paradis som lurte Eva og Adam til å ete frukta frå kunnskapens tre.

Vi finn slangar overalt i verda, men ikkje på Nordpolen eller Sørpolen.

Illustrasjon av et eple som henger i et tre, Eva sin hånd som prøver å få tak i eplet, men det er også en slange i treet. Illustrasjon av bibel fortelling av Adam og Eva.
Illustrasjon av et eple som henger i et tre, Eva sin hånd som prøver å få tak i eplet, men det er også en slange i treet. Illustrasjon av bibel fortelling av Adam og Eva.

Slangar i Noreg

Vi seier både slange, snok og orm. I Noreg har vi tre slangeartar: hoggorm, buorm og slettsnok. Mange nemner òg stålorm, men det er faktisk ei øgle.

Hoggormen er den einaste som er giftig, og han er freda i Noreg. Det betyr at vi ikkje kan drepe han. Du kan kjenne han igjen på grunn av sikksakkmønsteret på ryggen. Han liker å sole seg fordi han er vekselvarm. Det betyr at han må skaffe seg varme frå omgivnadene for å bli aktiv.

Hoggorm liggende på stein med tunga ute.
Hoggorm liggende på stein med tunga ute.

Nokre fakta om slangar

  • Slangar luktar med tunga, og tunga er spalta (todelt). Dei treng ikkje å opne heile munnen for å stikke ut tunga.
  • Slangar har ikkje ytre øyre, men dei kan likevel høyre.
  • Slangar har alltid opne auge, og dei blunkar aldri. Auga er dekte av gjennomsiktige skjel.
  • Alle slangar er rovdyr. Det er ingen slangar som et plantar.
  • Pytonslangar kan svelgje så store dyr som antilopar og krokodillar.
  • Når slangar veks, må dei byte skinn. Dei byter heile skinnet på ein gong.
  • Ingen slangar jaktar på menneske, men dei kan angripe om dei blir skremde eller kjenner seg truga.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Slange som står i et tre med tungen ute
Slange som står i et tre med tungen ute

Kor lang hale har ein slange?

Slangar har faktisk ein veldig kort hale. Det skulle ein kanskje ikkje tru. Som du kan sjå av bildet, startar halen der ribbeina sluttar.

Slangeskjelett liggende i sirkel.
Slangeskjelett liggende i sirkel.

 

 

 

Kjelder:

  • Skei, Jon Kristian; Knutsen, Espen: hoggorm i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. november 2021 frå https://snl.no/hoggorm

Bilde- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. NRK Skole