Så tjukt at det når til månen?
I teorien er det faktisk mogleg å brette eit ark så mange gongar at det vil nå opp til månen. Det trengst faktisk ikkje meir enn 45 brettingar!
Men det er vanskeleg å brette saman eit ark så mange gongar. Eit vanleg ark kan bli bretta opp til 7 gongar. Dei fleste klarer nok ikkje meir enn 4-6 brettingar. Kan du tenkje deg kva som er utfordringane?
Tjukkleiken blir dobla for kvar bretting
I denne videoen blir det forklart korleis tjukkleiken aukar raskt når vi brettar saman eit ark.