Å brette eit ark

Tenk deg at du har eit ark som du skal brette saman. Først brettar du arket saman ein gong på midten. Så brettar du det ein gong til. Og slik fortset du så lenge du kan.

Som du sikkert legg merke til, blir arket vanskelegare og vanskelegare å brette saman. Det blir nemleg tjukkare for kvar gong. Kor mange gongar trur du at eit vanleg ark kan brettast?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To hender som holder et hvitt ark.
To hender som holder et hvitt ark.

Så tjukt at det når til månen?

I teorien er det faktisk mogleg å brette eit ark så mange gongar at det vil nå opp til månen. Det trengst faktisk ikkje meir enn 45 brettingar!

Men det er vanskeleg å brette saman eit ark så mange gongar. Eit vanleg ark kan bli bretta opp til 7 gongar. Dei fleste klarer nok ikkje meir enn 4-6 brettingar. Kan du tenkje deg kva som er utfordringane?

Tjukkleiken blir dobla for kvar bretting

I denne videoen blir det forklart  korleis tjukkleiken aukar raskt når vi brettar saman eit ark.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Eksponentiell vekst

For kvar gong vi brettar arket, vil vi doble tjukkleiken. Det er eit uttrykk for det vi kallar eksponentiell vekst. For kvar gong du brettar, blir arket dobbelt så tjukt. Derfor går det ikkje så lang tid før arket blir for tjukt å brette. Derfor vil pila på grafen gå raskt oppover.

Eit anna døme kan vere ei gruppe på 10 løvepar. Viss kvart par får 2 ungar kvart år, då veks gruppa raskt. Pila på grafen går raskt oppover.

  • År 1: Dei 10 dyrepara får til saman 20 ungar.
  • År 2: Dei opphavlege 10 dyrepara, og ytterlegare 10 dyrepar (dei 20 ungane), føder 40 ungar – eller 20 nye par.
  • År 3: Det tredje året er det 40 dyrepar som då får 80 ungar.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rød graf som peker oppover.
Rød graf som peker oppover.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images + TED.com
  3. Getty Images