Korleis kan du vite det?

Trur du det er vanleg å snike på bussen eller å forsove seg? Har du lurt på om det meir vanleg å tisse i dusjen enn å pusse tenner der? Har dei som veks opp i byar, det betre enn dei på bygda? Du kan tru og meine mykje om dette. Men vil du vite svaret, kan du forske på det.

Kva er eigentleg forsking?

Å forske er å undersøkje ting veldig nøye. Vi kallar det ein vitskapleg metode. Målet er å lære meir om verda rundt oss. Vi kan lære det gjennom naturvitskap eller samfunnsvitskap. Men kva er forskjellen?

Unge studenter skriver på en transparent vegg.
Unge studenter skriver på en transparent vegg.

Naturvitskap

Naturvitenskap betyr å vite noko om naturen. Forskarar studerer celler, plantar og dyr, og korleis alt heng saman. 

I naturvitskapen leitar forskaren etter svar utan at dyr og plantar kan fortelje noko sjølve. Forskaren kan nemleg ikkje snakke med dyr og plantar. Alt må bli gjort veldig nøye, og det kan ta lang tid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.

Samfunnsvitskap

Samfunnsvitskap betyr å vite noko om samfunnet. Samfunnet er der vi menneske lever og forheld oss til kvarandre. Forskarar samlar informasjon om korleis samfunnet påverkar mennesket. Då kan dei bruke intervju og spørjeundersøkingar som metodar.

Vi får ikkje alltid nøyaktige svar med slike metodar. Men svara kan seie noko om korleis menneske tenkjer om ulike ting. Samfunnsvitskap vil gi ulike svar rundt om i verda. Kan du tenkje deg kvifor?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.

Korleis koke eit egg perfekt?

For å koke eit perfekt egg kan du bruke naturvitskap. Då må du vite om alt som kan påverke koketida. Er egget ferskt? Er vatnet varmt nok? Er egget stort eller lite? Visste du at egg har ulik koketid på fjellet og ved havet? Kva stad har lengst koketid?

Forskarar har kokt egg på mange ulike måtar, og på ulike stader i verda. Viss vi gjer det heilt likt som dei, vil vi få same resultatet uansett kvar vi er i verda. Men endrar vi på noko, kan resultatet bli annleis.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er eit perfekt kokt egg?

No tenkjer du kanskje at du er klar for å koke det perfekte egget? Men er du det? Finst det eigentleg perfekt kokte egg?

Blautt, hardt eller ein mellomting? Bestemor liker kanskje ikkje egget sitt på same måten som du. Kva skal du då gjere for at alle skal få eit perfekt kokt egg til frukost? Tidlegare har vi lært korleis vi koker det ifølgje naturvitskapen. Samfunnsvitskapen hjelper deg vidare!

Korleis finn vi det perfekte egget på ein samfunnsfagleg måte? Du kan observere, intervjue eller lage eit enkelt spørjeskjema. Svaret du får, seier ikkje noko om alle i samfunnet. Men dei du spør, kan få det perfekte egget sitt!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.

Korleis skal du gå fram når du skal forske i samfunnskunnskap?

Nokre gonger forskar vi på litt større ting. Det kan hende vi må snakke med mange personar. Då er det viktig å vere nøye og jobbe systematisk.

  1. Vel ei problemstilling. Kva lurer du på?
  2. Lag spørsmål.
  3. Vel metode, planlegg og gjennomfør. Skal du bruke intervju eller spørjeskjema?
  4. Sjå nøye på svara du får. Kan du stole på alle svara?
  5. Lag ei oppsummering.
  6. Lag ein forskingsrapport, og la andre få sjå han
Blokk og papir
Blokk og papir

Kva vil du undersøkje?

Kva lurer du på? Og kvifor gjer du det? Lag deg ei problemstilling med det i tankane. Ei problemstilling kan vere eit forskingsspørsmål eller ein hypotese. Ein hypotese er ein påstand du skal bevise eller motbevise. I eit forskingsspørsmål kan du bruke ord som kva, kvifor, korleis eller kvar.

Forskingsspørsmål til det perfekt kokte egget kan vere: “Kva slags egg liker dei fleste best?” Forskinga gir svar på forskingsspørsmålet. Du kan òg lage ein hypotese: “Dei fleste liker hardkokt egg best”. Forskinga kan vise om hypotesen var rett eller ikkje.

Kva slags metode skal du velje?

Korleis vil du forske når tema, spørsmål og hypotesen er klare? Du kan forske på andres eigenskapar og kvalitetar. Såkalla kvalitative undersøkingar. Eller du kan bruke kvantitative metodar. Det vil seie alt som kan målast i mengde og tal. Metoden du vel, blir bestemt av problemstillinga di.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet

Kvalitativ metode

Med kvalitativ metode ønskjer ein å få fram opplevingane til menneska og forståing av det du spør om. Det er vanleg å bruke intervju eller observasjon som metode. Det er ofte få deltakarar med.

Ved kvalitativ metode kan ein bli godt kjent med kvar enkelt person. Svara du får, gjeld berre dei du snakkar med, og ikkje alle i heile Noreg. I eit intervju kan du òg få svar på kvifor personen svarer som han gjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.

Kvantitativ metode

Vi brukar kvantitativ metode når vi skal samle litt informasjon om mange personar.

I kvantitative undersøkingar får alle deltakarar heilt like spørsmål. Det er vanleg å bruke spørjeundersøking, eller du kan observere kva folk gjer.

Med ein slik metode kan du få gode svar på kva mange personar meiner. Kanskje i ein heil by. Svara kan setjast inn i tabellar og grafar. Då blir det lettare å lese kva ulike folk har meint.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Metodetriangulering

Nokre gongar kan vi bruke kvalitativ og kvantitativ metode samtidig. Det blir kalla for metodetriangulering. Det tek meir tid, men kan gi oss betre svar på det vi lurer på.

UngData

Ungdata er ein av Noregs største undersøkingar på ungdom. Her kombinerer ein dei to metodane vi har beskrive tidlegare. I rapporten står det korleis ungdom i Noreg har det på skulen og heime. Kan du tenkje deg grunnen til at begge metodane  er brukte her?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.

Korleis kan du utføre god forsking?

Forsking skal vise ekte og truverdige resultat. Ein forskar skal ikkje la seg påverke av dei som betaler for forskinga. Vi kallar det å vere ein uavhengig forskar. Kvifor er det så viktig å vere uavhengig, trur du?

Forskarar må følgje strenge reglar. Men kan vi alltid stole på at forsking gir oss rette resultat?

Tenk deg at du har fått eit oppdrag frå læraren. Du skal forske sjølv. Korleis passar du på at forskinga blir uavhengig?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.

Etikk, takk

I samfunnsvitskap må du forske på ein etisk god måte. Du må vise respekt overfor dei du forskar på. Dei må kunne føle seg heilt trygge på det du gjer.

Respekt for deltakarane

Deltakarar i denne typen forsking skal vere anonyme. Ingen skal vite kva kvar enkelt person svarer. Dette kallar vi personvern. Deltakarane må òg vite kva dei er med på. Kva skal forskinga bli brukt til?

Konfidensielle opplysningar

Observasjonar og svar skal oppbevarast utan at nokon andre finn det. Vi kallar dette konfidensielt. Du kan gjerne gi deltakarane oppdikta namn, slik at ingen finn ut kven som har svart kva. Det som blir observert og blir svart, skal bli skrive ned så rett som mogleg. Ikkje skriv inn dine eigne meiningar eller tankar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.

Kor god er forskinga?

Tanken bak forskinga kan vere tydeleg. Likevel er det ikkje at det vi finn, er like gyldig og sikkert.

Er dataa gyldige?

Validitet handlar om korleis dataa du samlar inn, svarar på problemstillinga di.

Kan vi stole på dataa?

Kor sikre og nøyaktige svar har du fått? Viser svara reliabilitet? Kan vi stole på svara? Ville resultatet vore likt om du forska på det same ein gong til?

Det er ikkje alle som svarer på alle spørsmål. Nokre svarer kanskje ikkje det dei meiner, heller. Korleis trur du det kan påverke forskinga?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Spørsmålstegn i snakkebobler
Spørsmålstegn i snakkebobler

Forsk i veg!

Jula 2016 irriterte Robin Havre seg over noko. Han meinte han alltid gjorde meir enn kona heime. Kona meinte ho gjorde mest. Det var ikkje mogleg å bli samde. Begge var heilt sikre på at dei hadde rett. Dette ville Robin bevise. Han bestemte seg for å utvikle ein app.

Det vart starten på deira eiga vesle forsking. Begge registrerte arbeidet dei gjorde inn i appen. Etter ei stund vart det klart: Robin gjorde litt mindre enn kona! Dei kunne slutte å krangle om dette. Saman brukte dei resultata til å finne gode løysingar.

Forsking kan gi klare svar og føre til at folk forstår kvarandre betre. Det har ikkje noko å seie om forskinga er stor eller lita. Har du fått lyst til å forske på noko?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinne som ser på en app på en mobil.
Kvinne som ser på en app på en mobil.

Kjelder:

  • TV2 (07.06.2022): Kjæresteparet kranglet om husarbeidet – løsningen har fått flere til å sperre øynene opp
    https://www.tv2.no/v/1718593/
  • Kvale, S. & Brinkmann, S. (2015). Det kvalitative forskningsintervju (3 utg.). Gyldendal Akademisk.
  • Larsen, A. K. (2017). En enklere metode: veiledning i samfunnsvitenskapelig forskningsmetode (2 utg.). Fagbokforlaget.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images